Felles flyktningteneste for Aurland og Lærdal

Frå sommaren 2016 vil ein ha ein felles flyktningteneste i NAV Aurland og Lærdal. Flyktningtenesta består av  Fagleiar Turid Stigen Sørensen (byrjar i stillinga 1. august, formelt tilsett i Lærdal kommune), Flyktningkonsulent i Aurland Linn-Janette Underdal Skarsbø og Flyktningkonsulent i Lærdal  Maren-Sofie Bonslet Mathisen.

Behov for bustad

I samband med busetjinga av flyktningar i Aurland og Lærdal er ein avhengig av eit godt samarbeid med innbyggjarane i kommunane. Det vil fyrst og fremst vera eit stort behov om å skaffe husvære, men ein treng òg lokale samarbeidspartnarar når det gjeld integrering, språk- og arbeidspraksis. Aurland kommune har satt eit måltal på å busetje seks flyktningar i året, i 5 år framover. For å nå dette målet er me difor avhengig av hjelp frå lokalbefolkninga, og me er difor interesserte i å koma i kontakt huseigarar som ynskjer å leige ut bustadar.

Utleigeavtalen vil verta mellom utleigar og kommunen/Flyktningtenesta. 

Finansiering med hjelp av Husbanken

Husbanken har òg gode ordningar med tanke på bygging eller å renovere bustader til utleige til vanskelegstilte. Gjennom denne ordninga kan kommunar, privatpersonar og private entreprenørar få dekt inntil 40 prosent av finansieringa til nybygg eller renovering av eldre hus til dette føremålet. Ein  kan òg få tilskot til ombygging av hus. Entreprenørar må gå via kommunen. Ynskjer ein meir informasjon om ordningane til husbanken kan ein ta kontakt med flyktningtenesta og sjå nettsida deira: www.husbanken.no.

Flyktningtenesta vil ha eit tett samarbeid med fleire avdelingar i kommuneorganisasjonen, og ein vil blant andre samarbeida tett med teknisk etat når det gjeld eventuelle byggjeprosessar. Ein vil òg ha eit tett samarbeid med opplæringstenestene, helsetenestene og vaktmeistertenestene i kommunane på dei områda dei har hovudansvaret for.

Har du spørsmål knytt til utleige av bustad eller noko anna relatert til busetjinga av flyktningar ta kontakt med oss i Flyktningtenesta;

Flyktningkonsulent
Linn-Janette Underdal Skarsbø
TLF: 57 01 64 97 / 959 84 634
E-post: linn.janette.u.skarsbo@nav.no

Fagleiar Flyktningtenesta i Aurland og Lærdal
Turid Stigen Sørensen
TLF: 57 01 64 94 / 404 36 368
E-post: turid.stigen.sorensen@nav.no

Flyktningetenesta i Aurland og Lærdal
Flyktningtenesta i Aurland og Lærdal, frå høgre: Dag Terje Kavlie (flyktningkonsulent i Lærdal tom. 30 juni 2016), Turid Stigen Sørensen (Fagleiar Flyktningtenesta i Aurland og Lærdal), Maren-Sofie Bonslet Mathisen (Flyktningkonsulent i Lærdal frå 1. juni) og Linn-Janette Underdal Skarsbø (Flyktningkonsulent i Aurland frå 1. juni).
Tips ein ven Skriv ut