Kyrkjevalet 2019

9. september

Har du lyst til å engasjere deg i kyrkja sitt arbeid i Aurland?

Kyrkjevalet 2019 er 9. september, samme dag som kommunevalet. Den dagen skal ein velje kven som skal sitje i kyrkjestyret i Aurland. Kyrkjestyret består av 2 representantar frå kvart sokn, tilsaman 8 personar, i tillegg til soknepresten. Når kyrkjestyret handsamar fellesrådssaker, so er det óg med ein politisk vald representant. Alle som står på listene vert med i sokneutvalet i sitt sokn. Dei 2 som får flest stemmer i kvart sokn vert fast medlem i kyrkjestyret, og dei 2 neste vert vara.

Kyrkjestyret handsamar saker som går på kyrkjelege aktivitetar, økonomi, bygg, kyrkjegardar og elles alt som vedrører kyrkja

No kan du bli ein av dei som kan vere med å bestemme korleis kyrkja i Aurland skal styrast. 

Dei som kan stå på lista må vere medlemmar i Den norske kyrja, ha stemmerett og fylle 18 år seinast i 2019. Du kan då stå på lista i det soknet du har stemmerett. 

Om du vil vere med å stå på lista, so kan du ta kontakt med fylgjande:

Vangen sokn: Sigrid Sønnerheim Tønnessen, tlf. 47701896, eller Sissel Aadnøy Aalen, 90619271.

Flåm sokn: Gerd Stave, tlf. 40224560, Eli Kristin Stave, tlf. 95257825, eller Hans Bakketun, tlf. 91357857.

Undredal sokn: Gunhild Strand Borlaug, tlf. 47246905, eller Inger Oline Øy, 90202558.

Nærøy sokn: Svein Tufte, tlf. 90526324, eller Ådne Skiftun, tlf. 90872129.

Har du spørsmål til kva dette inneber, so kan du ta kontakt med ein av dei som er nemnt ovanfor, ein av dei andre som er i sokneutvala eller kyrkjeverje Monica Finden på tlf. 95862520.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Kyrkja i Aurland

Kyrkjeverje:
Monica Finden
Telefon:  57 63 29 95
Mobil: 95 86 25 20

Besøksadresse:
Bankbygget 3. etasje

Postadresse:
Kyrkja i Aurland
Helabrotet
5745 Aurland