Me har ledig
2 stillingar på 20% ved Aurland Fritidsklubb. Det er ein fast stilling og eit vikariat. Med tilsetting snarast, helst frå skulestart.

Arbeidsoppgåver
- Arbeid med barn og unge
- Legge tilrette for aktivitetar på ettermiddag og kveld
- Vakter på fritidsklubben, kveld og helg (fredag)

Vi tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Kvalifikasjonar
På klubben er det ynskjeleg at du er utdanna barne og ungdomsarbeidar, men det er ikkje eit absolutt krav. Du må ha interesse og like å jobbe med born og unge. Erfaring frå arbeid med born og unge er ein fordel. Du må også kunne samarbeide godt med andre som jobbar på klubben.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Generell informasjon om søknadsprosessen 
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjarportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommuneneller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarliste til ledige stillingar. Søkjar som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevninga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist         15.08.2022                               Utlyst dato 27.07.2022                  Vårref          849


Kontaktperson
Monica Hille, Tenesteleiar Kultur, tlf: 91541178, monica.hille@aurland.kommune.no