Aurland er kjend for utsiktspunktet Stegastein på Nasjonal turistveg

2 x 100% faste stillingar for spesialist i allmennmedisin

Vår erfarne kommuneoverlege ønsker no å gå av med pensjon og vi søkjer difor hans erstattar.
Vi har også ei ledig legestilling til ved kontoret, og ser at stilllingane kan fungere godt for eit par. Av den grunn lyser vi no ut to 100% stillingar som fastlege i kommunen, med fastløn.

Stillingane er knytt til Aurland legekontor som har 3 legestillingar samt LIS 1 stilling. Kontoret er velutstyrt og har eit hjelpepersonell på 3 med sjukepleiar og legesekretær i staben. Legekontoret er samlokalisert med rus- og psykiatritenesta, helsestasjon med jordmor, fysioterapi, ergoterapi, treningskontorakt og koordinaot og er organisert som del av tenesteeininga Helse og Førebygging.

Som kommunal fastlege i Aurland vert du ein del av interkommunal legevakt stasjonert ved Lærdal Sjukehus. Vaktordninga er 12 delt, eller sjeldnare. Legevakta er tilstedevakt i legevakta sine lokale på sjukehuset, ui eit bredt fagmiljø med fri etter vakt. Legevakta er fastløna. Lege på vakt har også tilsyn med dei 4 interkommunale KAD sengane.

Kommunen har ein felles kommuneoverlege saman med kommunane Lærdal og Årdal som me også samarbeidar med kring legevakt, KAD sengar og psykologiteneste.

Kommunen nyttar INFODOC som journalsystem.

Søknadsfrist: 12.03.2020
 

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland