FAKTA:
- Ha minst ein røykvarslar i kvar etasje.
- Røykvarslarar skal monterast på det høgaste punktet i taket og minst ein halv meter frå veggen. 
- Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom når døra mellom romma er stengd.
- Har du ein bustad med mange rom eller fleire etasjar bør du ha seriekopla røykvarslarar. Då pip alle varslarane samstundes ved brann.
- Vel optisk røykvarslar. Dei fleste bustadbrannar startar som ulmebrannar, og då er optiske røykvarslarar best.

Alle bustader og hytter skal ha røykvarslarar og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er stengd. 

Test røykvarslaren
Test røykvarslaren ved å halde ”test-knappen” inne nokre sekund. Røykvarslaren skal då byrje å pipe. Om han ikkje gjer det, må du byte batteri og gjenta testen, eventuelt kjøpe ny varslar. Om røykvarslaren gjev frå seg korte pip, vil det seie at batteriet byrjar å bli dårleg. Då må du byte batteriet med ein gong. 

Bruk gjerne Røykvarslardagen til å hjelpe nokon som ikkje greier å teste eller byte batteri sjølv. Ein ny røykvarslar kan også vere ei fin førjulsgåve. 

Seriekopla røykvarslarar vert tilrådd, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv. 

Utdeling av batteri
Gjennom Gjensidigestiftinga har brannvesenet vorte tildelt 500 batteri i år. For å få distribuert desse ut vil me i år få hjelp av lokale daglegvarebutikkar 1. desember. 

Lenkje til pdf fil av pressemeldinga.


Tor Mikkel Tokvam
Varabrannsjef