Aurland kommune sitt ansvar for brøyting og strøing avgrensar seg til:
1) Kommunale vegar og areal som vert nytta i kommunal tenesteproduksjon, t.d. skule, barnehage, institusjonar.
2) Vegar/strekningar der det er gjort avtale om brøyting/strøing mellom brukar/oppsitjar gjennom heimehjelp/ heimesjukepleie /kommunehelsetenesta.
3) Areal/vegar der det gjennom leigeavtalar er avtalt kommunal brøyting/strøing.
Areal som fell utanfor punkt 1-3 vert derfor ikkje brøyta eller strødd av Aurland kommune. Det medfører at dei som bur langs strekningar som ikkje er omfatta av punkta 1-3 må organisere/stå føre dette arbeidet sjølv.
Meldingar om manglande brøyting og strøing på vegar område Aurland kommune har ansvar for skal meldast direkte til desse telefonnummera:
På dagtid mellom 08.00-15.30
Tenesteleiar Kommunal driftseining, Reinhardt Sørensen, telefon 57 63 29 10
Aurland kommune, sentralbord, telefon 57 63 29 00
Utanom arbeidstid, mellom 15.30 - 08.00
Teknisk vakt 57 63 29 05
Bruk av desse telefonnummera vil sikre deg direkte tilbakemelding om kan du kan forvente kommunale tenester innan brøyting/strøing der du bur.
Kommunal driftseining
Sjå også: Retningsliner for nedklassifisering av kommunal veg vedteke i kommunestyremøtet 31. mars 2011(pdf)