Distad sa vidare at det er heilt naturleg at kommunestyret i eit seinare møte får ei utførleg utgreiing om saka. Det er viktig med informasjon etter kvart som det kjem fram ny kunnskap eller framlegg om tiltak, og at det vert halde opne folkemøte. 

Ordføraren hadde bede om ei orientering frå  felles landbrukskontor. Følgjande notat vart referert for kommunestyret: 

Notat frå felles landbrukskontor til Aurland kommunestyre 2.2.2017 
CWD er so langt påvist på tre villrein i Nordfjella og to elgar i Selbu. 
Dette er ein alvorleg situasjon for villreinstamma og i potensielt også for hjortedyr i nærleiken av villreinområde. Sjukdomen er smittsam og har dødeleg utfall. 
Det er fyrste gang sjukdommen er påvist i Europa og det er fyrste gang sjukdommen er påvist på villrein i verda. Veterinærmyndigheitene meiner sjukdommen er lik CWD slik den er kjend i Nord-Amerika. Der er sjukdommen påvist på fleire ulike arter av hjortedyr. Difor er det truleg ein reell fare for spreiing av sjukdomen frå villrein i Nordfjella og til hjort/elg/rådyr/anna villrein og tamrein. 

Det er no stor aktivitet på sentralt hald. Sentrale aktørar er Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Miljødirektoratet. Mellom anna har det vore gjort ein stor innsats med innsamling av hjerneprøvar i samband med reinsjakta og hjortejakta i 2016 og det samlast fortløpande inn prøvar frå fallvilt. Sidan sjukdomen ikkje er påvist i Europa tidlegare, har EU også interesse knytt til CWD og kva Norge kjem til å gjere med dette. 

Fleire tiltak er drøfta. Ingen ting er pr. dato bestemt. Det mest radikale tiltaket som er drøfta so langt, er sanering av villreinen i sone 1 og reduksjon i hjorteviltbestandane kring Nordfjella for å redusera smittepotensialet. Statens Naturoppsyn har no oppdrag med å føre tilsyn med villreinstamma og hindra utveksling av dyr mellom sone 1 i Nordfjella og Filefjell tamreinlag, sone 2 i Nordfjella villreinområde og Hardangervidda villreinområde. 

Aurland kommune som forvaltningsmyndighet har pr. dato ikkje fått informasjon om temaet CWD og forvaltning av hjortevilt. Formelt har ikkje kommunane nokon rolle i dette arbeidet so langt. Vitskapskomiteen som er nedsett for å jobba med CWD skal koma med ny rapport 1. april 2017. 

Mens me ventar har me ein viktig jobb å gjera, og det er å få kjennskap til flest mogleg sjuke og daude dyr i område kring Nordfjella, slik at desse vert testa for CWD. 
Meld ifrå til kommunen v.viltforvaltar Knut Fredrik Øi ved observasjon av sjukt eller daudt hjortevilt