English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Vil du vera meddommar ?

Kommunestyret i Aurland skal oppnemne 20 meddommarar til Sogn tingrett og 2 lagrettemedlemmer og meddommarar til Gulating lagmannsrett for perioden 2013 – 2016.

Ein meddommar er ein ikkje juridisk utdanna person som saman med fagdommarar er med på å ta avgjersle i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla to gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, sjølv om einskilde saker kan vara noko lenger. Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt. Det inneber m.a. at du normalt får fri frå ordinært arbeid for å utføra vervet. Medfører vervet tapt arbeidsforteneste, vert det gitt erstatning.

For å vera meddommar må du vere mellom 21 og 70 år, vera manntalsført i Aurland kommune og ha tilstrekkeleg norskkunnskap.

Utelukking på grunn av stilling er omtalt i Domstolsloven § 71.

Er du interessert i å vera meddommar eller har tips om nokon som kan passe til eit slikt verv, send skriftleg melding innan 10. mars 2012 til :

Aurland kommune, Politisk sekretariat, 5745 Aurland
eller e-post : post@aurland.kommune.no 

Har du spørsmål, kan du ringe politisk sekretariat v/ Eli Johanne Ohnstad, tlf 57 63 29 32.
 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Web levert av CustomPublish AS