Dei fortalde elevane om reisa til Norge, som både var lang og kronglete, korleis det er å bu i Aurland og kva planar dei har for framtida. Det vart òg snakka om krigen og håpet om fred i framtida. Elevane hadde mange spørsmål til dei, og kommunikasjonen gjekk fint då dei hadde lært seg masse norsk gjennom vaksenopplæringa. Det vart ei fin økt som gav både elevar og vaksne nye perspektiv på konsekvensane av krig, og at alle som har flykta frå krig har kvar sin individuelle historie å fortelje.