Fondstyret for konsesjonsavgiftsfondet fekk presentert idéen om Eutopia – ein aktivitetspark der avlaupet frå Flåm vert laga til biogass og reinsa gjennom planter i eit veksthus. Ordet «eutopia» er frå gresk og tyder ein god stad å vere. Eutopia skal vere ein god stad å vere, i kontakt med naturen. Familiar kan ta med borna sine som til dømes kan springe i labyrinten, vere med å lage sin eigen ost, finne makkar til komposten, mate fiskane med insekt eller smake på mat som vert dyrka heile året inne og halve året ute.

I fase to av Energi- og miljøsatsprosjektet skal mellom anna innhald og utforming av «Eutopia» utgreiiast. Her kan ein kome fram til mange spennande idéar til naturbaserte aktivitetar rundt eit miljøtiltak. Fase to består òg av fleire delprosjekt som tek for seg problemstillingar knytt til miljø, til dømes produksjon og bruk av «biokol», biologisk karbonlagring som saman med kompost kan bidra til auka jordfruktbarheit, i samarbeid med Sogn Jord- og hagebruksskule, SIMAS, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Vik kommune.

Saksutgreiinga, rapport, budsjett for fase to og skildring av «Delprosjekt Eutopia» kan du lese her