Veteranbuss skal leie an i jubileumskortesje

1. juni skal det markerast at det er 50 år sidan Aurlandsvegen vart opna. Ein gamal buss frå Aurland kommunale rutebilar skal køyre først i korstesjen over fjellet frå Lærdal til Aurland. 

Tekst; Aurlendinge /Arne Veum

Om bord i bussen vil ein finne inviterte gjester som til dømes fylkesordføraren, fylkeslandbrukssjefen, fylkesdirektøren for samferdsle, representantar frå E-CO Energi, NSB og Fylkesmannen for å nemne nokre. 

Sjå også:  Aurlandsvegen 50 år

1971 modell 
– Me legg opp til ei markering same dagen som vegen opnar etter vinterstenginga, og satsar på at det vert eit flott arrangement. Mange av dei inviterte har allereie takka ja til å vere med på 50 års markeringa, seier ordførar Noralv Distad. Veteranbussen som skal nyttast er av den lokale typen då den i si tid gjorde teneste for Aurland kommunale billag.  No er bussen, som truleg er  ein 1971 modell, i Rutebilhistorisk foreining avdeling Sogn og Fjordane si eige. – Bussen skal leie an i ein kortesje frå Lærdal til Aurlandsvangen, seier Distad. 

Utstilling 
Aurlandsvegen vart offisielt opna for trafikk 1. juli 1967, og var ei samferdslemessig storhending for Aurlandssamfunnet, som inntil då hadde vore utan veg ut av eigen kommune. Under jubileumsarrangementet på Vangen vert det ulike innslag i form av både talar og musikk. Det vert også jobba med å samla inn materiale knytt til vegbygginga som vonleg skal munne ut i ei lita utstilling. – Me er interesserte i biletestoff, informasjon frå folk som var med å bygde vegen, har arbeidd på den, eller på anna  vis har hatt noko med den å gjere som kan vere interessant å formidle vidare, seier Distad. 

300 000 frå bygdefolk 
Vegen vart i si tid bygd som kommunal veg, og det måtte betalast bompengar fram til byrjinga av 1980 – talet. Til sjølve bygginga var det også mellom anna gjeve tilskot frå Oslo Lysverker og Landbruksselskapet. Også innbyggjarane i Aurland stilte opp og gav til saman 300 000 kroner til den totale finansieringa på 2,3 millionar kroner. No er Aurlandsvegen Nasjonal turistveg, og har til dels stor trafikk gjennom sommarsesongen. Det er størst trafikk i juli månad, og denne månaden i fjor vart det notert 716 bilar per døgn til Utsiktspunktet Stegastein. Statistikken syner at 400 køyretøy køyrde over heile fjellet i juli 2016.  

 

Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet Foto Noralv Distad
Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet Foto Noralv Distad
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap