I år starta veka med kulturøkt der alle elevane bidrog med ulike ting frå aktivitetane den første månaden på skulen etter ferien. Dagen etter var det natursti med spanande og utfordrande oppgåver – alt frå kunnskap til dikting og samarbeid om kunstuttrykk i naturmateriale vart sett på prøve. Elevane på 5. - 7. steg hadde ansvar for å planlegge «på tvers-dagen» med aktivitetar av mange slag: Kanonballturnering, «black»-kampar, bingo og ulike spelaktivitetar med meir. Torsdag vart det filminnspeling av den berømte BlimE-dansen. I tillegg til dette var det daglege songsamlingar i vandrehallen til den planlagte songturnéen i bygda. Diverre ville vergudane at dette kunne bli ein både våt og vindfull turné, og vi valde å utsetje turen. Men følg med! Songstemmene er stemte og songane godt innøvde, så plutseleg kan du få gleda av ein syngande skule på bygdeturné.