English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Vedtekter for SFO i Aurland

Gjeldande frå 13.0.2008

 

§ 1. Eigartilhøve og drift
Aurland kommune eig og driv skulefritidsordningane (SFO).
SFO skal drivast etter reglane i Opplæringslova med forskrifter, og etter retningsliner gjevne av Kunnskapsdepartementet.
Kommunestyret fastset vedtekter for skulefritidsordningane i Aurland kommune.
Tenesteleiar har det overordna ansvaret for drifta av SFO.
 
§ 2 Føremål
SFO er eit frivillig omsorgs-og fritidstilbod i tilknytning til skuletida for born i 1.-4.årstrinn,
og for barn med særskilte behov i 1.-7.årstrinn.
SFO skal legge til rette for eit trygt og godt miljø med vekt på leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna.
Med utgangspunkt i lokale tilhøve vert det kvart år fastsett ein aktivitets/utviklingsplan.
 
§ 3 Leike-og opphaldsareal
Leike-og opphaldsarealet innandørs skal minimum vere 4 m² pr. barn.
Lager, gang og toalett skal ikkje reknast som opphaldsareal.
 
§ 4 Opningstid
Dagleg opningstid vert fastsett innanfor tidsrommet 7.30 – 16.00. Opningstida vert elles tilpassa lokale behov. SFO kan halda ope einskilddagar i korte skuleferiar dersom det er 5 barn eller fleire som har behov for eit tilbod. SFO kan halda ope einskilde veker i sommarferien dersom det er 5 barn eller fleire som har behov for heile veker.
Juli månad er SFO stengt.
SFO på Flåm og ABU samarbeider i feriane. SFO skal ha tre planleggingsdagar i skuleåret, og på desse dagane skal SFO halde stengt.
 
§ 5 Opptaksmynde
Rektor, i samarbeid med dagleg leiar for SFO, er opptaksnemd. Samarbeidsutvalet skal ha melding om hovudopptaket.
Søknad om plass skal skrivast på fastsett elektronisk skjema. Dette ligg på http://www.aurland.kommune.no under sjølvhjelp og elektroniske skjema.
SFO- tilbodet skal lysast ut offentleg, og søknadsfristen skal vere 1.april.
 
§6 Opptakskriterie
Ved opptak skal desse barna ha førerett (ikkje prioritert rekkjefølgje):
Barn med særlege vanskar, etter sakkunnig tilråding
Yngre barn går føre eldre barn
Barn med einslege føresette når føresette er i arbeid utanfor heimen, er under utdanning, eller er åleine om tilsynet
Nytilflytta barn frå andre kulturar Ved hovudopptaket kan det haldast av inntil 2 plassar til evt. klagehandsaming.
 
§ 7 Opptaksperiode og oppseiing
Opptaket gjeld for heile skuleår. Når det ligg føre særlege grunnar som t.d. alvorleg sjukdom, kan barn takast inn for kortare periodar.
Oppseiing av plass i skuleåret skal vere skriftleg med verknad frå den 1. i månaden, og skal gjerast med minst 1 månads varsel. Det er ikkje høve til å seie opp plassen eller redusere opphaldstida med verknad seinare enn 1.april i skuleåret.
Søknad om endring i opphaldstida i skuleåret skal gjerast skriftleg med same fristar som for oppseiing.
Etter vedtak av tenesteleiar kan barn mista plassen når:
·         Det ikkje vert betalt for plassen
·         Plassen vert nytta utover avtalt tid
Avslag på søknad, oppseiing m.m. kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.
Kommunens klageorgan er klageinstans.
 
§ 8 Plassar og betaling
Dagleg opphaldstid er inndelt i 3 periodar som ikkje kan splittast i mindre deler:
Morgon - frå 07.30 til skulestart
Tidleg ettermiddag - frå skuleslutt til 14.30
Sein ettermiddag - frå 14.30 til SFO stengjer
SFO har desse plassane:
Inntil 14 timar pr. veke
Meir enn 14 timar pr. veke
Einskilddagar kan kjøpast, men ikkje faste einskilddagar utover 3 etterfølgjande veker.
Kommunestyret fastset kvart år betalingssatsane og søskenmoderasjon (0% for barn 1 med lengst opphaldstid, 50% for barn nr 2, 75% vidare).
For juni og august skal det betalast for ½ månad. For dei andre månadane i skuleåret skal det betalast heil sats. Når det vert gjeve tilbod om SFO plass utanom skuleruta, gjeld dagsatsar vedtekne av kommunestyret.
Tenesteleiaren kan innvilga friplass etter søknad frå føresette og etter sakkunnig vurdering.
 
§ 9 Skyss
Skyss til og frå SFO er foreldra sitt ansvar.
Dersom eleven har rett til skuleskyss, fell denne retten bort dei tidene eleven nyttar SFO.
 
§ 10 Måltid
Det kan serverast eit lettare måltid pr. dag (t.d. suppe, brød, mjølk, frukt).
Matpengar kjem i tillegg til gjeldande betalingssatsar.
 
§ 11 Leiing og personale
Rektor har den overordna leiinga av SFO.
Når ordninga omfattar fleire fagpersonar / assistentar, bør det tilsetjast dagleg leiar med
pedagogisk utdanning (t.d. lærar, førskulelærar eller fritidspedagog).
Det skal i regelen ikkje vere meir enn 12 barn pr. gruppe.
Etter sakkunnig tilråding kan barn med særskilte behov tilførast eigen personalressurs.
 
 
 
Vedtak sak KS – 023/08
 

 

Kontaktinformasjon

SFO på ABU:
Telefon: 57 63 18 20

SFO i Flåm:
Telefon: 975 89 522
Dagleg leiar:
Judith Torgersen

Statlig informasjon

Relatert informasjon

Web levert av CustomPublish AS