English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Vedtekter kommunale barnehagar

 

 
 Arkivsak.-/jpostnr.: 06/69-12, 09.03.2006

VEDTEKTER FOR AURLAND KOMMUNALE BARNEHAGAR
KAPITTEL 1. DRIFT, EIGARTILHØVE OG VERKEOMRÅDE
§ 1-1 Aurland kommune eig og driv barnehagen. Barnehagen skal drivast i samsvar med Lov 2005-06-17 nr 64; Lov om barnehager, (Barnehageloven), føresegner og retningsliner frå Kunnskapsdepartementet, og i tråd med kommunale vedtak, samt plan for den einskilde barnehagen.
§ 1-2 Administrasjon. Barnehagen ligg administrativt under kommunalsjef/rådmann. Myndet er delegert vidare til tenesteeiningsleiaren for barnehagen.
§ 1-3 Verkeområdet for dei generelle reglane er alle barnehagane i Aurland kommune.
KAPITTEL 2. FØREMÅL
§ 2-1 Barnehagen skal gje barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen. Barnehagen skal gje barn eit godt miljø med vekt på leik, samvere og utvikling saman med andre barn og vaksne. Barnehagen skal hjelpa til med å gje barna ei oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar.
Barnehagen skal utvikle det einskilde barnet sin personlegdom, hjelpe barnet til å utvikle evne til empati og toleranse, til å ha omsorg for andre og å gje sjølvutfalding gjennom allsidig høve til leik og aktivitet.
Saman med heimen skal barnehagen medverke til å gje barna eit miljø som sikrar dei individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, utfalding, læring og etisk rettleiing.
(Bhl kap. 1 §1)
KAPITTEL 3. INNHALD
§ 3-1 Barnehagen skal vere ei pedagogisk tilrettelagd verksemd. Departementet har fastsett ein rammeplan for barnehagen. Rammeplanen gjev retningsliner for innhald og oppgåver i barnehagen. Eigaren av barnehagen kan tilpasse rammeplanen til lokale tilhøve. Samarbeidsutvalet for kvar barnehage skal fastsetje ein årsplan for den pedagogiske verksemda (Bhl. Kap. 1, §2)
§ 3-2 Rammeplanen set forpliktande mål innafor seks hovudområde for barnehagen sitt arbeid;
• Språk, tekst og kommunikasjon
• Kropp, rørsle og helse
• Estetiske fagområder
• Natur, miljø og teknikk
• Etikk, religion og filosofi
• Nærmiljø og samfunn.
 
(Jf. Rammeplan for barnehagen – forskrift til barnehagelova).
KAPITTEL 4. BARN OG FORELDRE SIN MEDVERKNAD
§ 4-1 Barn i barnehagen har rett til å gje uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen, og ta del i planlegging og vurdering. Deira synspunkt skal verta vekta i samsvar med deira alder og modning. (Bhl. Kap. 2, § 3)
§ 4-2 For å sikre samarbeidet med barna sin heim, skal kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval. Desse skal få framlagt alle viktige saker som vedkjem barnehagen. Foreldrerådet er samansett av foreldra/dei føresette til alle barna i barnehagen. Samarbeidsutvalet er samansett av foreldre/føresette og tilsette i barnehagen, slik at kvar gruppe er likt representert. Eigaren av barnehagen har ein representant i samarbeidsutvalet. (Bhl. Kap. 2, § 4)
 
KAPITTEL 5. BARNEHAGEÅRET
§ 5-1 Barnehageåret føl skuleruta. Barnehagen er open heile året. Opningstidene kan variere mellom dei ulike barnehagane. Dersom tilhøva tilseier det, kan ein eller fleire av barnehagane stenge i inntil 4 veker om sommaren for å avvikle ferie for barn og personale.
§ 5-2 Ferie. I løpet av barnehageåret skal alle barn ha 4 veker ferie. Ei veke blir brukt i samband med planleggingsdagar fordelt på heile året (jfr. barnehageruta og hovudtariffavtalen). Dei tre andre vekene kan dei føresette sjølve fastsetje. Men hovudregelen er at barna tek 3 veker samanhengande ferie mellom 15. juni og oppstart av nytt barnehageår. Fastsetjing av ferie må avtalast med den einskilde barnehage i god tid og innan 15. april.
KAPITTEL 6. TILBOD
§ 6-1 Barnehagane har følgjande tilbod:
A. Fulltidsplass (100%) 5 dagar i veka
o Lang dag, innanfor tidsrommet 07.30 – 16.30, eller
o Kort dag, innanfor tidsrommet 08.45 – 15.30
B. Delte plassar 40%/60%, 50%/50%, eller andre kombinasjonar som gjev eit jamt frammøte gjennom dagen/veka.
o Lang dag, innanfor tidsrommet 07.30 – 16.30, eller
o Kort dag, innanfor tidsrommet 08.45 – 15.30
 
§ 6-2 Opningstiden er kl 07.30 – 16.30. Mogleg å avtale tidlegare opning (kl 07.00) etter dokumentert behov. Julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag stengjer barnehagane
kl 12.00. (Jf. hovudtariffavtalen). I romjula har barnehagane vanleg opningstid.
Barnet skal vera ute av barnehagen innan stengetid.
På dagar med særskilt påmelding (julafta, romjul, nyttårsafta, påskeferie, og julimånad) vert barnehagen halde open ved behov. Det vert lagt opp til samarbeid mellom barnehagane og SFO på tvers av tenesteeiningane, slik at det alltid er eit tilbod som er ope til dei som har behov for det.
§ 6-3 Utvida/endra tilbod kan avtalast for einskilde barn som kriseløysingar i avgrensa periodar. Slike kriser kan til dømes vere alvorleg sjukdom/dødsfall i familien til barnet eller andre uventa vanskar. Ein nyttar her individuell vurdering.
KAPITTEL 7. OPPTAK
§ 7-1 Det er hovudopptak av barn til kommande barnehageår ein gong i året. Søknadsfrist er 1. april. Kunngjering skjer i Aurlendingen og Sogn Avis, samt på nettsida til Aurland kommune. Søknad om inntak skjer på fastsett skjema. Det vert ikkje teke omsyn til for seint innkomne søknader, utan at heilt særskilde grunnar talar for det. Opptaksperioden er frå oppstart av nytt barnehageår.
Det er høve til å søkja om barnehageplass utanom hovudopptaket. Etter oppstart av nytt barnehageår vert desse søkjarane vurderte i høve søkjarlista. Alle søknadene vert vurderte når ein plass vert ledig. Ved endring av barnet/familien sin livssituasjon i løpet av barnehageåret, kan søkjarar som står på søkjarlista krevja at nye opplysningar vert vurderte ved handsaming av søknaden.
§ 7-2 Opptaket til barnehagen vert gjort av tenesteeiningsleiarane i samordna opptaksprosess i kommunen, jf. § 12 i Barnehagelova. Opptak utafor hovudopptak vert gjort av tenesteeiningsleiar. Tildeling av plass skal skje i tråd med forskrift om saksbehandlingsreglar for opptak i barnehage, gjeve med heimel i barnehagelova § 12, andre ledd.
Ved opptak av barn i barnehagane skal det leggjast vekt på at barnegruppa skal fungera godt, og at det er balanse med omsyn til alder, kjønn og barn med og utan særlege vanskar.
§ 7-3 Opptakskrets for Aurland kommunale barnehagar er Aurland kommune. Andre søkjarar kan vurderast særskilt ved ledig kapasitet i den einskilde barnehage.
§ 7-4 Alder. Barnehagetilbodet i kommunen er for barn i alderen 0 – 6 år. Barn som etter søknad har fått utsett skulestart, vert rekna som barn i barnehagealder. Dei eldste søkjarane blir prioriterte ved inntak dersom det ikkje ligg føre særskilde omsyn. Ved avdeling for aldersgruppa 2-5 år skal barnet ha fylt 2 år innan 01.08. Ved avdeling for aldersgruppa 3-5 år skal barnet ha fylt 3 år innan 31.12. Tenesteeiningsleiar kan dispensera frå alderskravet i særskilde høve.
§ 7-5 Varig plass. Barn som får tildelt plass, er som regel sikra plass til barnet tek til å skulen eller plassen vert oppsagt. Varig plass gjeld i praksis berre den plassen som ein har inngått avtale for. Det må søkjast på nytt for å endra tilbod (heil/delt plass) eller byte barnehage. Søkjarar frå andre kommunar får tildelt plass for eitt år om gongen.
§ 7-6 Dersom barnet vert teke ut or barnehagen, misser det den faste plassen sin og må søkja på nytt. Etter skriftleg søknad kan barnet få permisjon for ein kortare periode utan å missa den faste plassen. Det er ikkje betalingsfritak i permisjonstida.
§ 7-7 I særlege høve kan barn miste plassen. Dersom foreldrebetalinga har stått til forfall i 2 månader, vert barnet oppsagt frå plassen. Varsel om oppseiing vert sendt etter 1 månad. Forvaltningsutvalet kan i særskilde høve fråvike reglane etter søknad. Sjå kapittel om foreldrebetaling.
§ 7-8 Fritak for foreldrebetaling. I tråd med barnehagelova § 15, 3. ledd skal Aurland kommune ha ordningar som kan tilby barnefamiliar med lågast betalingsevne ei reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling.
§ 7-9 Særlege omsyn. Ved opptak skal det først og fremst takast omsyn til det behovet det einskilde barnet har for å komme i barnehage. Det skal spesielt takast slike omsyn i gradert orden:
A-1 Funksjonshemma barn som kan ha nytte av opphald i vanleg barnehage, jf Bhg.lova § 13 første ledd. Dokumentasjon: Skriftleg attest frå lege, psykolog, PP-tenesta eller fagpersonar ved sosiale/medisinske institusjonar.
A-2 Barn som blir omfatta av vernetiltak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4, andre og fjerde ledd, har rett til prioritet ved opptak. Jf. Bhg.lova § 13, 2 ledd. Dokumentasjon: Utskrift av møteboka (barnevernssak), skriftleg attestasjon frå sosialkontoret.
A-3 Barn med sosiale behov som ikkje blir dekte i heimen. Dokumentasjon: Skriftleg fråsegn frå PPT eller sosialkontor.
A-4 Barn med særlege behov (t.d. språkutvikling, emosjonelle problem m.m.). Dokumentasjon: Fråsegn frå PPT eller andre faglege instansar i samråd med PP-tenesta.
B-1 Barn av einslege forsytarar eller når berre den eine av foreldra over lenger tid har eineansvar for barnet. Sambuartilhøve vert i denne samanheng jamstilt med ekteskap.
B-2 Barn som har eldre søsken i barnehagen frå før.
C-1 Barn som bur i strok der det er særleg farleg for barn å ferdast ute.
C-2 Barn som bur slik til at dei manglar høve til leik med andre barn i førskulealder.
D-1 Andre opplysningar. Der føresette meiner å ha særlege opplysningar som ikkje vert ivaretekne gjennom dei andre punkta i opptakskriteria, kan dei legge desse fram under dette punktet.
§ 7-10 Søkjarar som får tildelt plass, må skriftleg stadfeste at dei tek imot plassen. Dersom slikt svar ikkje er motteke innan fristen, og det ikkje ligg føre sakleg grunn for å overskride fristen, vil søkjaren misse den tildelte plassen.
§ 7-11 Søkjarliste. Dei søkjarane som ikkje får plass ved hovudopptak, vert sette på søkjarliste. Fram til neste opptak skal dei som står på søkjarlista ha rett til eventuelle ledige plassar i barnehagen, jf. Forskrift om saksbehandlingsreglar for opptak i barnehage.
§ 7-12 Klage. Forvaltningsloven kapittel IV – VI gjeld ikkje for opptak i barnehage, jf. Bhg.lova
§ 12, andre ledd. §§ 6 og 7 i Forskrift om saksbehandlingsregler for opptak i barnehage handlar om klagerett og klagen. Kommunens klageorgan er klageinstans, jf. Bhl. § 8.
 
KAPITTEL 8. FORELDREBETALING OG OPPSEIING
§ 8-1 Foreldre/føresette betaler for 11 månader i året. Julimånad er betalingsfri. Foreldrebetalinga vert sett til ein fast sum pr. månad på bakgrunn av vedteken timesats, opphaldstid, søskenmoderasjon og betalingsordning. Dei føresette betaler fullt ut for den plass barnet har fått tildelt. Kommunestyret avgjer for kvart år satsane for foreldrebetaling.
I tillegg betalar foreldra matpengar i tråd med sjølvkostprinsippet.
§ 8-2 Søskenmoderasjon. Det barnet som har lengst opphaldstid, betaler full pris. Det er 50 % søskenmoderasjon for barn nummer to og 75 % for dei påfølgjande søsken. Moderasjonen gjeld sjølv om barna er i ulike kommunale barnehagar.
§ 8-3 Betaling skal skje innan fastsett betalingsfrist. Dersom betalinga har stått til forfall i 2 månader, vert barnet oppsagt frå plassen. Varsel om oppseiing vert sendt etter 1 månad.
§ 8-4 Dersom føresette utan særskild avtale hentar barna etter barnehageslutt/avtalt tid, skal dei føresette betaler gebyr for kvar påbegynt time. Kommunestyret fastset beløpet saman med satsane for foreldrebetaling. Føresette får melding om at krav vert sendt.
§ 8-5 Oppseiing. Barnehageplass kan seiast opp frå den 1. i kvar månad med minst ein månads oppseiingstid. Oppseiing skal vere skriftleg og sendast til tenesteeiningsleiar i barnehagen.
§ 8-6 Søknad om auke eller reduksjon av tilbod i barnehagen i løpet av barnehageåret, skal gjerast skriftleg til den aktuelle barnehagen.
§ 8-7 Det er ikkje høve til å seie opp/redusere plassen seinare enn 01.04. i barnehageåret. Oppseiinga vert då gjeldande frå 01.04. Ved oppseiing/reduksjon av plass etter 01.04. skal foreldrebetalinga halde fram med fast månadleg beløp ut barnehageåret. For dei som har teke imot, men likevel ikkje nyttar tildelt plass frå 1.august, er oppseiingstida som nemnt ovanfor.
§ 8-8 Dispensasjon kring oppseiing. Dispensasjon frå oppseiingsreglane kan innvilgast dersom barnet flytter frå kommunen eller dersom helse- eller andre tungtvegande sosiale tilhøve tilseier det. Slik dispensasjon kan innvilgast av tenesteeiningsleiar i den einskilde barnehagen. Eventuell klage skal endeleg handsamast av kommunalt klageorgan.
KAPITTEL 9. HELSE
§ 9-1 Før barn byrjar i barnehage, skal det leggast fram fråsegn om barnet si helse. Viss barnet har møtt til dei ordinære undersøkingane på helsestasjonen, kan slik fråsegn gjevast av barnet sine føresette.
Personalet i barnehagen har plikt til å gjennomgå adekvat tuberkulosekontroll. Med adekvat meiner ein at alle nytilsette skal gjennomgå slik kontroll (Barnehagelova §23).
§ 9-2 Forsikring. Alle barn i barnehagen er skadeforsikra i barnehagetida samt under transport direkte til og frå barnehagen.
§ 9-3 Teieplikt. Dei generelle reglane om teieplikt gjeld etter forvaltningslova §13.
Sjå elles §§ 21, 22 og 23 i Barnehagelova om opplysningsplikt til sosialtenesta og barneverntenesta.
KAPITTEL 10. PERSONALET, ORGANISERING OG AREAL
§ 10-1 Personalgruppa si samansetting skal vere i samsvar med barnehagelova og forskrifter til denne, samt gjeldande bemanningsplan for barnehagar i Aurland kommune.
§ 10-2 I Aurland kommune organiserer ein til vanleg barnehagane i avdelingar for barn i alderen 0-3 år og 3-5 år. Lokale behov kan likevel føre til aldersblanda organisering av gruppa. Ved ei anna organisering må tenesteeiningsleiar samrå seg med samarbeidsutvalet for barnehagen.
§ 10-3 Areal- Leike- og opphaldsareal pr. barn skal vere minst 4 m2 inne og minst dobbelt så stort ute. Uteleikeplassen skal vere spesielt tilrettelagt for dei ulike aldersgruppene i barnehagane. Med leike- og opphaldsareal meiner ein det areal som faktisk står til rådvelde for barna.
 
Kommunestyrevedtak P-sak 19/06, 09.03.06. Gjeld frå nytt barnehageår 2006/2007

Kontaktinformasjon

Telefon: 916 74 385
E-post:
kba.post@aurland.kommune.no 

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 AURLAND 

Tenesteeiningsleiar:
  
Anders Mo

Pedagogisk fagleiar
Marianne Christensen 


Web levert av CustomPublish AS