English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Vangen barnehage

Loading map...
Vangen barnehage i Aurland
Vangen barnehage i Aurland

Vangen barnehage ligg ved fjorden, ca 5 min. gonge frå Vangen sentrum. Barnehagen held til i eit gamalt skulebygg og disponerar heile huset. I kjellaren er avdelinga Bamsebu, med 9 heile plassar for barn i alderen 0-3 år. I hovudetasjen er avdelingane Marihøna og Sommarfuglen. Marihøna har 12 plassar og Sommarfuglen 18, for barn i alderen 2-5 år. Dei har felles garderobe og toalettanlegg.

Andre etasje er i hovudsak nytta til kontorlokale, personalrom, personalgarderobe og lager, men der er det også ein romsleg gymsal som vert nytta til ulike aktivitetar saman med borna.

På avdelingane Marihøna og Sommarfuglen er det høgt under taket, bokstavleg tala.

Uteområdet ved Vangen barnehage vart utvida og utbetra i 2001-2002.

Rett utafor gjerde har vi badelagune, bortafor den ei strand det går an å leike på. Vinjanaustet, friområdet på Rygg og skogen ved Dale Boligbygg er populære turområde, for å nemna noko.


Vi arbeider med å få til betre samarbeid på tvers av avdelingane. Personalressursane vert sett i samanheng, t.d. er det ei felles tidlegvakt for avdelingane Marihøna og Sommarfuglen. Det vert danna grupper på tvers av avdelingane, ved t.d. aldersinndelte aktivitetar.

 

 

Personale:

Therese Vindedal - pedagogisk leiar
Ingrid Veum
- pedagogisk leiar

Karianne Stundal - pedagogisk leiar

Reidun Borlaug

Bodil Bjerkeseth Brekke

Else Margaretha Lien

Grete Nes

Lise Bergom Skjerdal

Eva Østgaard Steine

Anita Turlid

Cesilie Vindedal

Bjørnar Skaim Halle

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Hovudnummer: 916 74 385

Vangen barnehage

Direkte telefon:
57 63 33 17 - Kontor
57 63 36 12 - Bamsebu

 

 

Web levert av CustomPublish AS