Den eine prosjektleiarstillinga gjekk til Snædís Laufey Bjarnadóttir der ho har Aurlandsdalen som sitt spesialområde, og jobbar tett saman med den nyoppretta arbeids- og styringsgruppa for Aurlandsdalen, «Nye Aurlandsdalen». I den andre prosjektleiarstillinga finn me Bengt Erlend Skjerdal som skal prøve å halde seg orientert i resten av områda som ligg innunder verdsarvparken. Dette halvåret har mykje av tida gått med til å utforska og gjera opp status på ulike turvegar, infrastrukturen rundt dei og involvere samarbeidspartar.

Kva er verdien i vandring for deg? Har du nokon gong tenkt på det?

Koplinga mellom vandring og verdiskaping kan vera so mangt, og ein kan tolke det som ein sjølv vil. Vandring er eit omgrep dei aller fleste kjenner til. Ein kan vandre kvar ein vil, kor langt ein vil og når ein vil. Men kva har verdiskaping med dette å gjere? I verdsparken vil me planlegge og sikre gjennomføring av vedlikehald og skilting av turvegar, samt vere pådrivar og støtte for auka marknadsføring, utvikling og bruk av vårt vakre vestnorske landskap. Slik ser me føre oss at verdiskaping vert knytt til vandring. Dette er noko me ser fram til å jobbe vidare med i åra som kjem.

Gjennom prosjektleiinga i verdsarvparken har me opplevd godt samarbeid med friviljuge lag og turlag, samt representantar for grunneigarar, næringsverksemder og verneområdeforvaltning. Dette er, og vil vere, viktig for vårt vidare arbeid med vandring og verdiskaping. Me har spanande ting på gang!. Takk til alle som har samarbeida med oss so langt, me tek gjerne i mot innspel og tilbakemeldingar på jobben me gjer/bør gjere. Når me ikkje er ute og spring på toppane, eller jobbar i skog og mark kan du finne oss i Heradshuset, 1.etasje – fyrste dør til høgre. Velkommen skal du vera til å slå av ein prat!

Tekst & Bilete: Nærøyfjorden Verdsarvpark