Foto v/ Linn Janette i flyktningtenesta og Bengt Erlend i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

I utgangspunktet vart det lagt opp til ein tur i Flåmsdalen 29. juni, men på grunn av gode samarbeidspartnarar og sponsing lokalt ser det ut til at ein kan få til fleire slike turar i kommunen.

Hovudmålet med turen var at den skulle vera lite krevjande, der dei fleste ville kunne gjennomføra den. Det var òg viktig at deltakrane skulle læra noko om lokal kulturhistorie, norsk natur og dagens bruk av landskapet. Som del av språkpraksis måtte òg formidlinga  gå føre seg på norsk. Turen vart arrangert i samband med introduksjonsprogrammet og var difor obligatorisk for deltakarane der, i tillegg vart barna til deltakarane inviterte med for at dei òg skulle få kjennskap og ei relasjon til landskapet dei no bur i, og ikkje minst ei flott oppleving. 

Juni månad har vore ein av dei våtaste i manns minne, og ein var difor usikker om værgudane ville spela på lag med ein denne dagen. Heldigvis, letta det og det einaste ein kjente av regn var den byga som nett vaska vindauge på toget frå Flåm stasjon til Vatnahalsen. Som hør og bør når ein er litt turist i eigen heimstad, vart det òg ein stopp for å knipsa bilete ved Kjosfossen og for å oppleva huldrasang. Heldigvis var det ikkje nokon som vart lokka inn i berget og alle deltakarane kom på toget vidare opp på Vatnahalsen. 

Etter ein hoppa av toget på hotellet fekk alle ein kaffikopp og bolle, og både barn og vaksen fekk kvila seg litt i hengekøyene før ein starta på turen nedover Rallarvegen.  I svingane mot Kårdalen og Rallarrosa stølsysteri vart mobilkamera flittig brukt, og både menneskje og vakkert landskap vart brukt som motiv. Stemningen var god, og ein merka at dette var ein tur både deltakarar og arrangørar satte stor pris på.

I Kårdalen vart følgje møtt av ein velkomst komité beståande av geiter og ein hest. På stølen Rallarrosa fekk ein inn for å smake på lokale ostar, geitepølse og pannekaker til dei minste, òg arrangørane fekk smake på litt syrisk mat som familiane hadde tatt med seg som niste. Det vart nye smaksopplevingar for alle, på tvers av kulturar.

Tusen takk til samarbeidspartnara og ikkje minst Flåmsbana som sponsa billettar til turen. Verdsarvparken, flyktningtenesta og familiane gledar seg allereie til neste tur.