I tillegg kan ein kombinasjon av tett samvær med andre, festing og lite søvn gi auka risiko for å utvikle alvorlig sykdom. Dette gjelder både russ og andre ungdomar som fester mykje. Vaksinen heiter Nimenrix, og er anbefalt til ungdom. Ein dose varer i om lag 5 år.

Etter vaksinasjonen tek det omlag to veker før kroppen er motstandsdyktig mot sjukdomen. Vaksinen er gratis for ungdom frå Aurland kommune, og er tilgjengeleg på helsestasjonen tlf.: 57632037/ 95984640.

Ver vennleg å ta kontakt før 1. april med tanke på bestilling. Dersom du har teke vaksina i anna kommune, får du refundert summen vaksina kostar ved å levera kvittering med underskrift til helsestasjonen eller rådhuset. Oppgi kontonummer du vil ha summen inn på.

Risikoen for å utvikle meningokokksykdom kan og reduserast ved å fylgje desse råda:

  • Ta degtid til å sove ut. Kroppen treng å få kvile, det styrkjer motstandskrafta.
  • Ikkje rop og skrik så mykje at du blir hes og halsen sår. Det gjer slimhinnene meir mottakelege for infeksjonar.
  • Unngå å drikke av same flaske/boks/glas som andre.
  • Kyss berre kjæresten din.
  • Ikkje del sigarett med andre. 
  • Unngå for mykje alkohol. Når du er rusa vil dømmekrafta di bli redusert, og symptom på meningokokksjukdom kan forvekslast med teikn på for mykje alkohol.
  • Skaff lege dersom du trur vennene dine kan være sjuke. Ta ansvar for kvarandre dersom nokon er sjuke og har feber.

God russetid!

Helsesyster