Aurland Ungdomsråd

Medlem perioden 2016-2018
Margrethe Tokvam
Vegard Ebne
Tora Borlaug
Gaute Turlid
Anne Lena Turlid

Politisk representant:
May Britt Martinsen (valperioden 2015 - 2019)

Ordførar Noralv Distad har møterett.

 Anita Lærum er sekretær for ungdomsrådet.

Kva er eit ungdomsråd?
I eit ungdomsråd kan ungdomen få sei meininga si om saker som vedkjem dei, før sakene vert teken opp til avgjerd i kommunen. På same måte kan eit ungdomsråd på eige initiativ ta opp saker som vedkjem ungdomen i kommunen - og sei si meining, fremja desse synspunkta til politikarane i kommunen, til utval, formannskapet eller kommunestyret.
Eit ungdomsråd skal arbeide for at kommunen er, og vert, ein god kommune å bu i for ungdomen, med gode og varierte tilbod og tenester til denne gruppen.

Kvifor treng me ungdomsråd?
Ungdom har rett til meine noko om kva som er viktig for ungdommen i Aurland kommune, og å få høve til å fremje synspunkta sine. Ungdomen sine synspunkt om saker som vedkjem dei, er viktig informasjon til administrasjonen og politikarane, før vedtak vert gjort.
Deltaking frå ungdomen gjennom eit ungdomsråd er viktig,  for at kommunen skal få kunnskap om ungdomen sine ynskjer og behov, og eit ungdomsråd kan vera med å bidra til at kommunen kan utvikle best mogleg velferdstilbod for alle innbyggjarane - også for ungdomen.
 

Har du spørsmål?
Er du interessert, ønskjer å delta, har spørsmål om ungdomsråd -  ta kontakt med ungdomsarbeidar Anita Lærum på e-post: 
anita.lerum@aurland.kommune.no  eller på telefon 57 63 29 00. 
 

Vedtekter for Ungdomsråd i Aurland (pdf)

Håndbok for Ungdomsråd utgitt av Barne- og likestillingsdepartementet (pdf)

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Politisk sekreteriat

Margunn Tolleshaug

Telefon: 57 63 29 35
Mobil:971 36 237

E-post:
Margunn Tolleshaug

Besøksadresse:
Rådhuset, Kommunetorget

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland