Denne gongen vart turen lagt til Sivle Gard på Stalheim.  Hovudmålet med turane var at ein skulle leggje til rette og gjennomføra turar i verdsarv-område som eit integreringstiltak, for dei busette familiane i Aurland.  Dette var eit tiltak som vart lagt inn i introduksjonsprogrammet til deltakarane på vaksenopplæringa, men var òg tilrettelagt for at borna og skulle få vera med.  Flyktningtenesta må sjølv organisera undervisninga då skulane har ferie og det er difor ekstra kjekt at ein kan få til lærerike opplevingar som òg borna kan ta del i og få ein fin oppleving og få ei sterkare tilknyting til området.

Været om hausten er jo alltid ustabilt, og tross dårlege meldingar var me heldige med været då det ikkje regna så mykje som fyrst meldt. Sjølv i skodda og litt regn vart opplevinga av naturen og kulturlandskapet kring Stalheim lika mektig. Med den ramma vart opplevinga òg litt trolsk.

Turen byrja med at ein i samla tropp gjekk frå grendavegen til Sivle Gard, ein liten tur som er ein oppleving i seg sjølv. Spesielt når ein fyrst kjem til gardstunet og ein opplever som at landskapet opnar seg ut mot Nærøydalen.  På tunet tok gardsfrua Randi Engelsen Eide godt i mot forsamlinga frå Aurland. Ein fekk fyrst eim guida tur i og rundt dei ulike gamle bygningane i tunet, der ein fekk høyra om bruk og tradisjonane kring dei gamle bygga  før alle fekk inn i det varme hovudhuset der ein fekk underholdning og tradisjonell kost.

Randi fortalte godt og levande om garden og om Per Sivle, ein mann fleire av dei besøkande hadde høyrt om før. Med røter i Flåm har mange Aurlendingar eit nært forhold til diktinga til Sivle. Litteratur er òg viktig for stadkjensla, og me håpa no at syrarane kanskje vart betre kjent med Per Sivle og kanskje får ei interessa for å verta betre kjent med diktinga til han.

Til lunsj fekk ein servert grønsaksuppe med og utan kjøt av lam, noko alle syns var godt.  Både kjøt og grønsaker kom frå Sivle. Det synte seg òg at dei hadde ein liknande rett i Syria. Gjennom slike opplevingar er det ikkje berre ulikskapar som vert synleg, men òg kva ein har til felles på tvers av kulturar. Etter hovudretten fekk me servert lappar med lokalt foredla sylte. Det var rett og slett ein smak av verdsarven.

Etter ein hadde ete seg gode og mette, var det på tide med litt vandring i kulturlandskapet, og turen gjekk fyrst ned til Stalheim hotell for å sjekka utsikten. Der fekk me sjå både nedover dalen og sjekka ut krigsminner. Dette var noko som fasinerte både store og små. Etter ein var ferdig med å nyta utsikten, gjekk vegen vidare ned Stalheimskleiva, nokre tok beina fat, medan andre naut utsikten frå bussen.  

Alt i alt fekk alle ei flott oppleving i området vårt, og Flyktningtenesta i Aurland håpar at dette er noko me kan gjera fleire gonger.