Kvar kommune kan nominere ein person eller gruppe mellom 13 og 20 år, innan kvar av desse kategoriane: dans, musikk, skapande skriving, visuell kunst, sirkus, teater og annet. Unge kulturutøvarar som har ein draum har hatt moglegheit til å melde seg lokalt. Det er kulturskulens ansvar å nominere dei lokale deltakarane.

I 2017 er Aurland representert med tre nominerte talentfulle jenter:

I kategori dans er Julie Aksnes Williams nominert. Ho har ein draum om å bli ein dansar innanfor fleire sjangere, skodespelar og at musikken står sterkt: ein trippel-trussel som ho kallar det sjølv.

I kategori Visell kunst er Anja Ryabinina nominert. Hun ynskjer å vise verden kva hun kan gjere med blyanten og lære meir om hemmelegheita bak ein god kunstnarisk hand.

Kari-Louise Morgan er nominert i kategori Annet, og viser fram sminkekunsten sin. Hennar draum er å vere make-up-artist på eit show, filmsett eller backstage til nokre av dei største merkene.

Nominasjonane vurderast av en fagjury, fordelingsjury og draumejury. Draumen til nominerte er like viktig, og skal bli vektlagd like mykje som ferdigheit. Du kan sjå presentasjonen av de tre nominerte på nett her: www.drommestipendet.no

Me ynskjer alle dei tre nominerte lukke til!!!