Gå til hovedinnhold

Framsida

Tre elevar frå Flåm skule til landsfinalen i NAF sin sykkelkonkurranse

Dei tre vinnarane Tora, Erling og Jenni skal representere Flåm skule i landsfinalen
Dei fire deltakarane frå Flåm, som tevla i distriktsfinalen på Kaupanger. FOTO: John Håland
Den 19 mai var det distriktsfinale i NAF sin sykkelkonkurranse på Kaupanger
Den 19 mai var det distriktsfinale for Indre Sogn i NAF sin sykkelkonkurranse. Finalen utspelte seg på Kaupanger. Elevane hadde vore gjennom ein praktisk og teoretisk prøve på skulane sine, og dei to beste gutane og dei to beste jentene vart sendt vidare til Kaupanger for å tevla med elevar frå resten av Indre Sogn. Så gjekk det slik at det vart uavgjort mellom to jenter. Og når begge jentene kom frå Flåm, og guten som vann også kom frå Flåm, enda me opp med å få totalt tre elevar frå skulen vår med i landsfinalen.

Tora, Erling og Jenni skal representere skulen vår i Letohallen på Dal på Romerike den 11.juni!