Nordengen leverte to fantastiske kåseri med humor og alvor om å leve godt med endringar, - og om livsglede og arbeidsglede. I følgje Nordengen sjølv, snakkar han så fort at kåseriet som vi fekk servert på to timar, tilsvara eit «vanleg» kåseri på fire timar.

Livet har oppturar og nedturar både fysisk og psykisk. Nordengen nytta personlege erfaringar og skildra kvardagslivet, slik at det var lett å kjenne seg att og forstå bodskapen. Målet hans for dagen var å sette i sving nokre tankar hjå dei tilsette i høve det å tenkje positivt og sjå positivt på endringar og utfordringar vi møter både i privatlivet og arbeidslivet.  Nordengen skapte verkeleg ei begeistra forsamling i Trudvang denne fredagen. Han ga oss ei viktig påminning om å vera stolte av å ha jobben vår i kommunen, og kor heldige vi er som får bidra med noko til innbyggarane i alle fasar i livet – frå vogge til grav.

Som ein introduksjon til føredraga ynskte rådmann Steinar Søgaard alle tilsette velkomne. Tilsettedagen skal vere ein dag der vi får høve til å lene oss litt tilbake og hente inspirasjon og begeistring. Rådmannen minna og om at samfunnet sine forventningar til kommunane endrar seg. Kommunen sine økonomiske rammevilkår endrar seg. Vi må tilpasse oss desse endringane for å vera godt skodde til å halda fram som eigen kommune i framtida.

Tilsettedagen heldt fram med middag på Flåmbrygga i Flåm og Nynorske litteraturdagar på Fretheim hotel. Korleis er det mogeleg å halde stemninga oppe etter Nordengen? Svaret er «Nynorske litteraturdagar»!