Du finn retningslinjene her 

Kommunen nyttar desse når ein tek i mot søknad om bustad frå vanskelegstilte. Retningslinene inneheld også kriteria for tildeling av omsorgsbustad.

I korte trekk kan vi oppsummere slik:
Kommunal bustad er ingen lovfesta rett. Å skaffe seg bustad er i utgangspunktet eit privat ansvar.
Du som har store omsorgsbehov skal framleis søkje «Heimebaserte tenester». Sjå meir om desse tenestene på heimesida til Aurland kommune.
Det er NAV Aurland som skal ta stilling til søknader om «Gjennomgangsbustad til vanskelegstilte». Målgruppa er definert som; personar som er i ein midlertidig, vanskeleg situasjon grunna helsemessige eller sosiale tilhøve.

Vidare heiter det at målgruppa er; «personar som ikkje sjølv, eller ved hjelp av anna offentleg bistand, klarer å skaffe seg eigna bustad». Sjå detaljane i §§ 10 og 11.

Husleigeavtale på tildelt gjennomgangsbustad er som hovudregel tidsavgrensa.

Sjå også: Ledige kommunale bustader for vanskelegstilte