Tenesta si målgruppe
Musikk- og kulturskulen er eit frivillig tilbod for alle innbyggjarar i Aurland kommune, born og vaksne. Men ved prioriteringar skal born og unge gå føre. (Opplæringslova §13 -6)
Rektor i musikk- og kulturskulen avgjer kven som får plass ut frå følgjande omsyn; Aktivitet, alder, gruppesamansetjing, søknadsdato/tid på venteliste.
Ein del av aktivitetane har nedre aldersgrense
Formål med tenesta
Aurland musikk- og kulturskule skal, gjennom musikk- og kunstopplevingar både for utøvarar og tilhøyrarar og utan omsyn til alder eller funksjonsnivå, arbeida for å styrkja den kulturelle fellesskapen i Aurland kommune.
Tenesta gjeld
Føremålet med tenesta er at born og unge skal få høve til å utvikla dei kunstnarlege og kreative evnene sine.
For å oppnå dette vil vi:
- Gje høve til musikalsk utvikling hjå barnehageborn.
- Gje tilbod om gruppeundervisning på grunnivå i musikk og andre fag/disiplinar som kjem inn under AMK sitt arbeidsfelt.
- Gje tilbod om vidaregåande opplæring, individuelt eller i gruppe, til elevar over grunnivå.
- Støtte og leggja til rette for vaksenopplæring innan musikk og kultur.
- Stimulera til at born og unge får eit aktivt tilhøve til musikk og andre kunstformer, t.d. som støttespelarar for skulane.
- Vera ein kulturberar i lokalmiljøet.
Heimel for opplæringa:
Opplæringslova: § 13-6
Innhaldet i tenesta
- Aurland musikk- og kulturskulen driv offentleg undervisning innan musikk, biletkunst og dans.
- Undervisninga spenner frå babysong, musikkbarnehage, musikkleikestove, grunnopplæring og opplæring for vidarekomande.
- Musikkundervisninga går føre seg individuelt eller i gruppe, alt etter aktivitet/instrument og nivå.
- Biletkunst: Opplæring innan teikne- og målekunst for nybegynnarar og vidarekomande. Undervisning i gruppe.
- Dans: Det vert undervist i ulike grupper ut frå alder og nivå.
- Skulen sel dirigentteneste til kor og korps.
- Sal av andre utøvande tenester, som konsertar, musikk-/songstunder og akkompagnementsoppgåver til frivillige lag og offentlege/private institusjonar.
- Skulen har ein del instrument til utleige; T.d. toradar, trekkspel, fele og gitar.
Vi må ta atterhald om endringar som følgje av vedtak i kommunestyret.
Kva kan du forventa av tenesta?
· At det i undervisninga vert lagt vekt på å utvila skaparglede hjå små og store.
· At undervisninga er tilpassa eleven sine ønskje og behov.
· At undervisninga inneheld variasjon og breidde i uttrykk.
· At alle elevar skal få tilbod om samspel/samarbeid med andre elevar kvart skuleår.
· At alle elevar skal få tilbod om å delta på konsert/utstilling i løpet av skuleåret.
· At læraren gjev klare meldinga om lekser, oppmøtetider til øvingar og ulike arrangement.
· At læraren informerer om mål og planar.
· At læraren kallar inn til foreldre-/elevsamtale 1 gong i halvåret.
· At dei tilsette er underlagt teieplikt. (Forvaltningslova § 13)
Kva forventar tenesta av deg?
· At du gjev melding til læraren dersom eleven ikkje kan møta til avtalt tid.
· At du viser ei positiv interesse overfor det eleven driv med i timane og i øvingsveka.
· At du hjelper til med å innarbeida faste øvingsrutiner i heimen.
· At du syter for at eleven møter med notar/instrument/anna utstyr til avtalt tid.
· At du syter for at eleven har instrument/utstyr; anten ved å skaffa eige utstyr eller ved å leiga hjå musikk- og kulturskulen.
· At du lærer eleven til å ta vare på og visa respekt for instrument og utstyr
· At du møter opp til foreldresamtale 1 gong i halvåret.
Kva kostar tenesta?
Kommunestyret har vedteke fylgjande takstar for tenesta:
Elevavgift inkluderer ikkje utgifter til materiell. Materiellutgifter må eleven dekka sjølv.
Avgift for leige av instrument omfattar ikkje vedlikehaldsutgifter som t.d. bytte av strengar på gitarar/feler. Desse utgiftene vil koma i tillegg.
Ved leige av instument frå musikk- og kulturskulen vil leigetakar vera ansvarleg for instrumentet. Dersom det oppstår skade på instrumentet i leigetida, må eleven dekka desse fullt ut.
Kvar kan du klaga?
Klager på vedtak om tildeling av musikk- og kulturskuleplass skal sendast skriftleg til Aurland kommune ved musikk- og kulturskulen.
Overordna klageinstans er fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Kva er kravet for å motta tenesta
Når du har fått melding om at du har fått tildelt plass på eit tilbod i musikk- og kulturskulen, så gjeld denne retten heilt til du seier plassen opp skriftleg eller at kommunen gjev melding om endringar i tilbodet. Du treng ikkje søkja på nytt for kvart skuleår.
Retten din gjeld det tilbodet du har fått tildelt plass på. Ønskjer du å få tildelt plass på andre tilbod, må du søkja på nytt for dette.
Det er bindande påmelding for eit halvår om gongen. Utmelding må skje innan 1.desember for hausthalvåret, og 20.mai for vårhalvåret.
Ved utmelding midt i semesteret må det betalast elevpengar for heile semesteret.
Oppseiing må skje skriftleg.
Korleis søkja tenesta
Kommunen nytter elektronisk søknadsskjema. Søknadsskjema finn du på heimesida til Aurland kommune.
Søknadsfrist er 26. mai. Skulen sitt hovudopptak er juni/august, men det er høve til å søkja heile året.
Dei som ikkje får plass etter hovudopptaket får melding om at dei framleis står på venteliste.
Alle søknader om teneste vert svarde på innan 14 dagar etter at dei er mottekne.
Kontakt for meir informasjon
Aurland musikk- og kulturskule
5745 Aurland
Tlf: 57 63 29 65