English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Barnehage - tenesteerklæring

Hovudmål
 
AURLAND KOMMUNALE BARNEHAGAR
At alle barn under skulepliktig alder skal få tilbod om plass i barnehage.Barnehagen skal i samarbeid med heimen arbeide for å medverka til at barna får ein god barndom.
 
Kva er tenesta?
Pedagogisk tilrettelagt barnehagetilbod i kommunale barnehagar.
 
 
Kven gjeld tenesta for?
Barn under skulepliktig alder og barn med utsett skulestart (Barn i alderen 0 – 6 år).
Innbyggjarane i Aurland skal prioriterast. Rådmannen kan fråvike frå regelen som eit rekrutteringstiltak.
 
Barn som har fått plass etter opptak på særskilde vilkår:
Barn med funksjonshemmingar, - må liggja føre tilråding frå Voss interkommunale PPT-kontor for Aurland, Granvin, Ulvik og Voss.
Barn som på grunn av sosiale, pedagogiske eller medisinske årsaker hjå barnet eller i familien treng ein barnehageplass – må liggja føre tilråding frå kommunal sakkunnig instans (helsesøster, lege, barnevern, sosialkontor, PPT, BUP).
 
 
Innhaldet i tenesta 
Barnehagen skal utvikla det einskilde barnet sin personlegdom, hjelpa borna til å utvikla evne til å ha omsorg til andre og gje sjølvutfalding gjennom allsidige tilbod om leik og aktivitet. Saman med heimen skal barnehagen medverka til å gje borna eit miljø som sikrar:
  • Individuell og gruppevis omsorg og støtte
  • Stimulering, utfalding og læring
  • Etisk læring tufta på dei kristne grunnverdiar og haldningar
 
Barnehageåret vert rekna frå 15. august til 14. august i det neste året, med mindre justeringar i høve til heile veker. Barnehagane er som hovudregel opne alle virkedagar, med unnatak av dei 5 planleggingsdagane for personalet kvart år. Planleggingsdagane vert tidfesta i Årsplan for barnehagen. Barnehagene stengjer kl. 12.00 på julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag. I romjula er barnehagane opne frå kl 08.45 til 13.15. I ferietida kan avdelingar verta slått saman for ei periode.
 
Alle barna skal ha 4 veker ferie i barnehageåret. Minst 3 veker ferie bør vera samanhengjande, og helst avvikla i perioden 15. mai til 15. august.
 
Kor lenge varer retten til tenesta?
Når foreldre i Aurland kommune har fått ein barnehageplass til barnet sitt, beheld dei denne plassen til dei seier den opp, eller til barnet når skulepliktig alder. Plasstildelinga gjeld ein barnehage.
Det må søkjast på nytt for å endra tilbod (heil/delt plass) eller barnehage. Oppseiing av plass skal skje skriftleg. Det er ein månad oppseiingstid frå august til og med mars, frå april til august er oppseiingstida 2 månader.
 
Foreldra kan mista retten til barnehageplass viss
  • Den føresette ikkje betalar for plassen
  • Barnet er uvanleg mykje vekke utan grunn
  • Plassen vert nytta utover avtala tid
 
Viss barnet vert henta for seint, må foreldra/dei føresette frå og med 4. gongen dette hender, betala tilsynet med barnet i det aktuelle tidsrommet med kr. 110,- pr. påbegynt halvtime.
 
 
Kva tenesta IKKJE omfattar
Dette kan me ikkje prioritera å gjera innan tenesta:
·         Ta imot barn som er så sjuke at dei ikkje kan ta del i dei daglege aktivitetane både ute og inne
·         Oppgåver og ansvar som ikkje fell inn under Lov om barnehagar og tilhøyrande rammeplan.
 
 
Kva kan brukaren forventa av tenesta?
·         Barnehagane vert drivne i samsvar med Lov om barnehagar av 5. mai 1995 nr. 19, (Barnehagelova) med tilhøyrande forskrifter og retningslinjer fastsette av Det kongelege barne- og familiedepartement (BFD), samt kommunale planar og vedtak.
·         Tilbodet er i stor grad brukarorientert.
·         Ved opptak av born i barnehagane skal det leggjast vekt på at barnegruppa skal fungera godt, og at det er balanse med omsyn til alder, kjønn og born med og utan særlege behov.
·         Barna får variert tilbod som tek omsyn til både einskildbarn og gruppa sine behov.
·         Personalet er kompetent, engasjert og interessert i å arbeide saman med barn.
·         Personalet er underlagt teieplikt (jfr. Lov om barnehagar § 21 og § 13 i Forvaltningslova).
·         Barna får servert næringsrik mat i barnehagen.
·         Det er open dialog mellom barnehage og heim.
·         Barnehagen er ein god, trygg, sosial og kulturell plass for barna.
 
 
Kva forventar tenesta av brukaren?
·         Overheld avtalar i høve kva tilbod vedkomande kjøper.
·         Gjev beskjed dersom vedkommande ikkje vil/ kan nytta tenesta ein bestemt dag eller ein bestemt tidsperiode.
·         Foreldre/føresette nyttar seg av tilbod om samtalar, rettleiing og anna støtte barnehagen kan gje, og kan be om slike tilbod på eige initiativ ved behov.
·         Følgjer opp barnet sitt ved å gjera seg kjend med årsplan, andre planar, informasjon, og leverer svar til gitte fristar.
·         Følgjer opp barnet sitt i høve klede, sko og anna utstyr barnet måtte ha behov for i barnehagetida, og at desse er merka med namn.
·         Gjev beskjed dersom andre enn foreldra kjem for å henta barnet.
·         Er aktiv deltakar i foreldreråd og andre grupper ein vert vald til eller melder seg til å vera med i.
·         Er engasjert i barna sitt ve og vel.
·         Set av tid til å snakka med personalet ved bringing/henting for gjensidig utveksling av informasjon.
·         Dei føresette tek sjølv initiativ til å oppklare eventuelle mistydingar og/eller utfordringar dei ønskjer at barnehagen skal engasjera seg i.
·         Seier ifrå når barnet forlatar barnehagen
·         Er ute av barnehagen innan stengetid. (Gjeld og den avtalte opphaldstidas slutt for dei som har kort dag i barnehagen).
 
 
Kva kostar tenesta?
Kommunestyret fastset barnehagesatsane gjeldande frå 1. januar. Betalinga for eit barnehageår vert delt over 11 månader, der julimånad er betalingsfri.
 
 
Korleis går eg fram for å søkja om tenesta?
Aurland kommune ynskjer elektroniske søknad. Link til skjema.Ein kan få hjelp til utfylling av søknaden i den einskilde barnehagen eller ved å vende seg til resepsjonen, tlf. 57 63 29 00.
Søknaden vert sendt på sikker linje inn til postmottaket i kommunen.
Send da søknaden til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.
 
 
Søknadsfrist:      Ved hovudopptak: 20. mars for nye søkjarar.
                Endring av barnehageplass: 20. mars.
                Ledige plassar elles i året: Kontinuerleg opptak.
 
Oppseiing av plass: Barnehageplassen kan seiast opp med 1 mnd oppseiingsfrist frå 15. august til 1. april. Frå 1. april til 15. august er oppseiingsfristen 2 mnd. Oppseiing skal vera skriftleg.
 
Kriteria for tildeling av plass i barnehage kjem fram i Vedtekter for Aurland kommunale barnehagar, vedtekne av kommunestyret i Aurland:
 
Ved opptak av born i barnehagane skal det leggjast vekt på at barnegruppa skal fungera godt, og at det er balanse med omsyn til alder, kjønn og born med og utan særlege behov.
 
Kvar søkjar skal vurderast særskilt. Ved opptaket legg vi vekt på:
a)   barn med funksjonshemming som kan ha nytte av opphald i barnehage, jf. §9 i Lov om barnehagar
b)   barn med utsett skulestart
c)   barn med einsleg forsytar der mor/far er i arbeid utanom heimen eller under utdanning
d)   barn som har trong for plass på grunn av sosiale, pedagogiske eller medisinske årsaker hjå barnet eller i familien (skriftleg dokumentasjon frå faginstans må liggja føre)
e)   barn med særleg vanskelege bu- og leiketilhøve
f)    heildagsplassar vert prioriterte til born der begge foreldre er i arbeid eller under utdanning. Korttidsplassar vert tildelte uavhengig av foreldra sine arbeidstilhøve.
g)   under elles like tilhøve går eldre born framfor yngre
 
Punkta ovanfor er ikkje i prioritert rekkefølgje.
               
 
Alle søknader om teneste vert svarde på innan fjorten dagar etter at dei er mottekne.
 
 
Kvar kan eg klaga?
Klager på vedtak om tildeling av teneste skal sendast skriftleg til Aurland kommune, til vedkomande tenesteeining. Overordna klageinstans er forvaltningsutvalet.
 

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 916 74 385
E-post:
kba.post@aurland.kommune.no 

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 AURLAND 

Tenesteeiningsleiar:
  
Anders Mo

Pedagogisk fagleiar
Marianne Christensen 


Web levert av CustomPublish AS