English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Nytt frå Sogn og Fjordane Teater

Billettar og informasjon er lettare å få tak i:
• Nytt billettsystem
• Trykt årsprogram

Eit trykt årsprogram med presentasjon av alle oppsetjingane dette året. Programmet vil vere å finne på desse stadene i Aurland:
• Spelelokalet/AIS
• Biblioteket
• Resepsjonen på Rådhuset
• Butikkar/bensinstasjon
• Kantina/resepsjonen hos enkelte bedrifter

Billettsal
Sogn og Fjordane Teater har inngått avtale med Billettservice om sal av billettar når dei spelar utanom dei store kulturhusa. Nytt billettsystem vil dermed gjelde i Aurland.

Gjennom Billettservice kan kvar og ein kjøpe billettar på www.billettservice.no  og skrive dei ut heime. De kan ringje 815 33 133 for å reservere eller få tilsendt billettar i posten (skal billettane sendast i posten må dei kjøpast seinast fem virkedagar før speledato), de kan kjøpe over disk på alle postkontor og alle Narvesen kioskar.

Det er i tillegg billettsal i døra siste timen før spelestart. Reserverte billettar må hentast innan sju dagar på posten eller Narvesen. Skjer reservasjonen under sju dagar før framsyning, kan billettane hentast ved inngang seinast ein halv time før spelestart.

Billettprisar
Billettprisane er: Ordinær 200 kr.
Student / honnør / firdakortet / medlemmer BoiVest / Gruppe (min 5) 150 kr
Musikalar/kabaret/musikkteater, ordinær 240 kr / Rabattpris 190 kr
Billettavgift kjem i tillegg

Følg SoFt på Facebook!

For meir informasjon: www.softeater.no

Kontaktinformasjon

Kontaktperson
Sogn og Fjordane Teater:
Hanna Hj. Borlaug
Telefon: 57 63 29 70
E-post: Hanna Borlaug

Besøksadresse
Rådhuset

Postadresse
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Web levert av CustomPublish AS