Mange av husa me har besøkt har utfordrande inngangsparti og bad. Dei fleste inngangsparti består av trinn. Bada er ofte små og har smale dører og høge dørstokkar. Det er også nokre utfordringar på soverom, men her er det lettare å gjere enkle endringar. Til dømes ommøblering eller færre og mindre møblar. Møblering er noko ein også kan tenkje på elles i huset. Enkle tiltak som dette kan førebyggje fall og gi moglegheit til å bu lenger heime. I andre tilfelle kan det vere naudsynt med større tiltak som ombygging eller påbygg viss sjukdom skulle inntreffe. Ergoterapeuten kan hjelpe til med å planlegge dette. Ho kan og bistå med å søke om tekniske hjelpemiddel, men det kan skje først når eit behov er til stades.

Det er viktig at ein tenkjer funksjonell bustad i ung alder, for då har ein enda tid og energi til å gjere endringar. Dette prosjektet ser vi derfor som nyttig både for unge og eldre huseigarar. Det er betre å vere føre var, enn etter snar !

Helsing
Synne Nornes og Maria Malmedal, ergoterapistudentar ved Høgskulen på Vestlandet

Sjå også: Funksjonsattest bustad – har du ein bustad for framtida?
Sjå også: Har du førebudd bustaden din for framtida?