I tillegg til helsesøster May Sigrun Winjum, er jordmor Kari Øvstedal no tilsett i 100% prosjektstilling. Dei kjem framover til å være meir ute i både skular og barnehagar. Helsestasjonstenesta omfatter jordmortenesta, helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.

Helsestasjonstenesta er eit lågterskeltilbod. Vi har som målsetjing å jobbe førebyggjande og å kunne hjelpe familier og ungdom så tidleg som råd. Det er ikkje behov for henvisning. Du kan kontakte May Sigrun og Kari direkte, gjerne på telefon / SMS; 95 98 46 40 Helsesøster og 95 98 46 23 Jordmor. Helsestasjonen held til i 2. etasje i Fjordsenteret.

Velkommen til oss!