Støtt TV-aksjonen 2017 til inntekt for UNICEF!

Kommunekomiteen i Aurland ved Anita Lærum, Sturle Ryum og Margunn Tolleshaug oppmodar deg til å vere med å gå den viktigaste søndagsturen i året. Bøssebærarane er dei viktigaste hjelparane i TV-aksjonen, for utan dei vert det ingen TV-aksjon.

TV-aksjonen NRK 2017 går til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn ramma av krig og konfliktar. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 22.oktober.

Når barn i krig og konfliktområde ikkje får utdanning, står eit heilt land si framtid på spel.TV-aksjonen skal gi utdanning og håp til barn der det enno er krig og konfliktar.

Eit av fem barn i krigs- og konfliktområde står i dag utan skulegang. UNICEF arbeidar hardt og målretta for at barn ikkje skal få øydelagt framtida si på grunn av vaksne sine krigføringar og konfliktar.

TV-aksjonen 2017 skal gi utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

Kommunekomiteen i Aurland har møte onsdag 27. september. Du kan melde deg som bøssebærar til Aurland kommune på telefon 57 63 29 00, eller på e-post til post@aurland.kommune.no Du må vere fylt 18 år for å kunne registrere deg som bøssebærar. 

TV - AKSJONEN 2017
TV - AKSJONEN 2017
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap