Stølssamling på Sinjarheim 9. juli 2017

Søndag 9. juli inviterte Aurland kommune og Sogn jord- og hagebruksskule til stølsdag på Sinjarheim i Aurlandsdalen. 

Bakgrunnen for arrangementet var at stølar/ stølsdrift er eit av dei prioriterte tema i den nye kulturminneplanen til Aurland kommune.

I denne perioden hadde elevane ved Sogn jord- og hagebruksskule sommarkurs der. Her får dei lære å mjølke dei 42 geitene på gamlemåten, yste kvit ost og koke brimost.

Folk som kom innom denne dagen fekk ta del i stølslivet på Sinjarheim: Kome inn i husa, kjøpa seg utruleg gode geitemjølkslappar, nyte kokekaffi, sjå på ostekoking og mjølking. I tillegg fekk dei sjå restaurering etter gamle teknikkar.

Sola var ikkje så mykje å sjå, men dette hindra ikkje folk i å kome seg ut på tur. I tillegg til turistane som gjekk heile dalen, kom det og ein del bygdefolk til Sinjarheim etterkvart, med ein aldersspredning frå 3- 85 år. Kanskje dette kan bli ein tradisjon?

Stølsdag på Sinjarheim 9. juli 2017
Stølsdag på Sinjarheim 9. juli 2017
Stølsdag på Sinjarheim 9. juli 2017
Stølsdag på Sinjarheim 9. juli 2017
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap