Bakgrunnen for arrangementet var markeringen av Kulturminnedagane 2017. Målet var at folk skulle få oppleve ein støl i drift, og få ta del i stølskulturen. Aurland kommune og Nærøyfjorden verdsarvpark var hovudarrangørar, i lag med lokale krefter i Underdal. Sjølve ostekokinga sto Erna Underdal Skarsbø og Anna Elise Borlaug for, og folk som kom innom sela fekk sjølvsagt smaksprøvar.

Både store og små fekk testa kunnskapane sine om Underdal og geitehald på natur- kultursti. Dei som heldt ut lengst på ettermiddagen fekk høyre An- Magritt Lindther fortelje lokale huldrehistoriar. Fekk du ikkje med deg stølsdagen i år? Prøv på nytt neste år, dette kan kome til å bli ein tradisjon.