Bakgrunn for møtet
Kommunestyret i Aurland kommune har gjennom vedtak av Kommunedelplan for fysisk aktivitet og folkehelse 2016 - 2019 (KS 122/15) bestilt ein heilskapeleg sti- og løypeplan for Aurland kommune. Samstundes jobbar ulike organisasjonar med sine respektive prosjekt på same område. I juni 2016 tok representantar frå Aurland kommune, Nærøyfjorden verdsarvpark og Visit Sognefjord initiativ til eit dialogmøte, der ulike idear vart drøfta. Dette møtet vart følgd opp med eit breiare samansett møte i august.

Initiativtakarane ynskjer no å få innspel til å kunne jobbe vidare med prosjektet, og inviterar til ein workshop rundt temaet. Møtet er ope for alle interesserte.

Etter kort info og temadrøfting, vert det anledning til gruppearbeid rundt temaet, og oppsummering til slutt. Dette kan gi oss grunnlag til å jobbe vidare med saken.

Me vonar det blir stor oppslutning og engasjement.

Velkommen!