1. Sikringstiltak 

Generelt kan det opplysast om godt samarbeid med NVE og Lensmann.  Det har vore eit omfattande anleggsarbeid, at det er framleis 3 entreprenørar i sving i kommunen i Flåm, Dyrdal og Undredal.

Dei mest utsette områda er sikra og vill i hovudsak gå inn i den permanente sikringa. Alt sikringsarbeid skal vere ferdig i 2016.

Masseuttaka som er opna i Flåm har vore naudsynte for å ha rask framdrift i sikringsarbeidet. I Stovuri pågår det no istandsetting av masseuttaket, i tråd med gjevne byggjeløyver. I desse sakene har det vore godt samarbeid med plan- og bygningsmyndigheitene i kommunen og regionale og statlege etatar. Dette har vore heilt avgjerande for rask framdrift!  I tillegg har ein vore avhengig av samtykke frå grunneigarar i området. Grunneigarar har stilt opp.  

Flåm:

  • Elveforbygging ved A-feltet - fotballbana - ca 250 m arbeid er utført.

  • Kommunal veg ved Brekkehaugen: Ca 400 m bygd provisorisk veg

  • Offentleg kommunal veg ved samfunnshus: 50 m veg bygd oppatt.

  • Kommunal veg ved Grindahølen: Ny plastring

  • Lunden bustadfelt: Ca 100 m veg og elveforbygging bygd. Arbeid utført.

  • Kommunal veg ved Steinshølen: Vegen er sett i stand, men plastring og utgraving av Steinshølen står att. Dette bør tas so snart som råd. Aurland kommune tar dette opp med NVE.

  • Kommunal veg nedanfor Flåm skule: 150 m veg og elveforbygging. Vegen er bygd opp provisorisk. Ferdigstilling av VA står att.

  • Kommunal veg ovanfor Flåm kyrkje er bygd oppatt. Ca 400 m med veg og elveforbygging.

  • Privat veg nedanfor Flåmsbrui: Vegen og store delar av bustadane var borte. Vegen og området langs strekninga . Plastring er gjennomført. Manglar fundament og topp på veg.

  • Flåmsbrui: Plastring rundt brukar ca 220 m2 er gjennomført.

  • Rallarveg(kommunal veg): 150 m veg og elveforbygging er bygd provisorisk.

  • Køyrebru til Leina kraftstasjon: Er ikkje bygd oppatt, men sjølve området er sett i stand.

  • Høga bru: Er sikra(både område ovanfor og nedanfor)

  • Flatedalen: utført plastringsarbeid.

  • Reppaelvi: Skade på veg, ca 50 m. Arbeid er ferdig.

  • Kommunal veg Blomheller: 100 m av veg er oppattbygd(mellombels).

  • Veg og parkeringsarealet i sentrumsområdet er rydda for slam. 

  • Styringssystema for VA i Flåm sentrum er reparert.

Undredal:

  • 40 m veg og 100m2 mur er oppattbygd.

  • Kommunalt VA anlegg i Undredal: Er bygd 160 m veg og plastring. Jobbar med VA. Vonar å vera ferdige i løpet av neste veke.

Dyrdal:

  • Dyrdal: Store skadar over heile vegstrekninga. Har sett i stand 1 km av veg. Vi har også kjøpt eit båtlass som skal fyllast på vegen. Arbeidet vil bli ferdigstilt i løpet av neste år.

2. Planarbeid, reguleringsplanar - framdrift

  • Reguleringsplan Flåm skule: Oppstart varsla, Aurland Naturverkstad er engasjert til utarbeiding av plan, vurdering av alternative tilkomst vert lagt fram for utvalet i ekstramøte 18 juni. Utvalet sitt val av alternativ vert grunnlag for at administrasjonen kan leggja planen ut på høyring i løpet av sommaren.

  • Reguleringsplan Flåm bru: Oppstart varsla, behov for utvida planavgrensing etter innkomne merknadar til oppstartvarselet, fokus på dialog med grunneigarar i Flåmshagen for å finne felles løysingar. Faresonekartlegging er under utarbeiding av NGI, Aurland Naturverkstad er engasjert til utarbeiding av plan.

  • Reguleringsplan for Fretheimshaugane bustadfelt: Oppstart varsla, Norconsult AS er engasjert til utarbeiding av plan, grunnundersøkingar pågår, kommunen jobbar med ros-analyse.

3. Status oppattbygging av private hus og eigedomar

  • Har hatt dialogmøter med 8 av dei berørte partane. Dette er innleiiande møter før det vert gjennomført førehandskonferansar. Vi håper at det vert starta bygging i løpet av året! :)


4. Status mellombels og permanent bru ved skulen, framføring av infrastruktur

  • Status mellombels bru: Er kome inn tilbod på 2,8 mill. Kontrakt skal skrivast innan nær framtid. Kommunen jobbar med byggjesøknad. Samtykke frå grunneigar er no innhenta.

  • Varig bru Flåm skule og Brekke bru blir vert lagt ut på anbud  i løpet av sommaren/hausten.

  • Framføring  av infrastruktur: Er kome inn anbod.

5. Skjønsmidlar, arbeid med utvida søknad

  • Søknadsfrist er sett til 1 juli. Pr no ser det ut til at kommunen sine utgifter til flaumen vert lågare enn først tenkt, pga at NVE har teke større del av kostnadane.  Dei store kostnadane vil mest sannsynleg vera VA og bruløysing.

6.Beredskap i forhold til mogleg sommarflaum

  • Det er lagt opp høg beredskap gjennom heile året.

  • Maskiner står klare.

  • Vaktlister på KDE/brann/teknisk vakt er fastsatt.