Aurland kommune, Mesta Elektro og Aurland energiverk er no i gong med montering av måleinnstallasjoner for gatelysnettet. Det betyr i praksis at all kraft som ein kunde tar ut fra nettet skal i utgangspunktet målast og registrerast. Dette gjeld uavhengig av kva krafta vert brukt til.

Dei fire første fordelingskapa er no satt i drift omkring i kommunen. Desse er montert øverst i Li, Liabakkane, Fretheimshaugane og ved trafokiosken på Lunden.

Dette vil medføre at enkelte strekningar vert mørklagte i tida framover under montering.

Oppgraderinga av gatelysnettet er planlagt ferdigstilt 2019.