4.17 SPØRJETIME FOR INNBYGGJARANE

a) Det er etablert ei ordning med spørjetime for innbyggarane i kommunestyret jf. KS-113/15. Retningslinjer gitt i medhald av KS-113/15 er framleis gjeldande. Dei lovfesta råda vert særskilt oppmoda om å nytte spørjetimen for å ta opp saker i kommunestyret. Ordføraren avgjer kva møte spørjetimen skal settast opp. Den skal settast som sak etter godkjenning av møtebok på sakslista. Spørjetimen er open for alle som er busett i kommunen det året ein fyller 13 år. Ordføraren leiar spørjetimen og svarar til vanleg på spørsmål.

b) Spørsmål til spørjetimen må sendast inn skrifteleg minimum 48 timar før møtet. Ved handsaminga av spørsmål kan spørjaren og ordføraren få ordet for å stille spørsmålet og gi svaret. Taletida er avgrensa til fem minutt. Dei nemnde kan ut over dette få ordet ein gong kvar i inntil eitt minutt, for å kommentere svaret/stille tilleggsspørsmål og svare på dette. Ingen andre kan få ordet ved handsaming av spørsmål.

c) I same valperiode kan det ikkje stillast spørsmål dersom dette har same innhald som eit tidlegare spørsmål etter denne føresegna.

Retningslinjer for spørjetimen gitt i medhald av KS-113/15:

  1. I forkant av ordinære møte i Aurland kommunestyre får innbyggjarar i kommunen høve til å stilla spørsmål. Spørjetimen har ei tidsramme på 30 minutt.

  2. Det skal framgå av møteplanen kva møte det er høve til å stilla spørsmål. Det vert ikkje spørjetime i møte der kommunestyret behandlar budsjett, kommuneplan eller kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan.  

  3. Alle personar som er busett i kommunen og i det året ein fyller 13 år kan stilla spørsmål til ordføraren. Spørsmål kan stillast på vegne av seg sjølv, annan person, ein organisasjon eller ei bedrift.

  4. Spørsmåla skal gjelda kommunale tilhøve og vera av ålmenn interesse for innbyggjarane i kommunen. Det er ikkje høve til å stilla spørsmål om dei sakene som skal handsamast same dag i ordinært kommunestyre.

  5. Spørsmål skal sendast skriftleg til ordføraren seinast kl. 12.00 2 virkedagar før møtet. Medlem i kommunestyret bør få spørsmåla tilsendt elektronisk så langt dette er muleg.

  6. Spørsmål kan sendast inn elektronisk på eige skjema via heimesida til kommunen  , eller i brev til postmottaket i kommunen, Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.

  7. Den som stiller spørsmål må vera tilstades i møtet og sjølv framføra spørsmålet. Spørsmålet må vera kort og ikkje overstiga 2 minutt. Svar skal gjevast med same tidsramme. Det vert høve til å kommentera svaret. Samla tid pr. spørsmål vert avgrensa til 5 minutt.

  8. Spørsmål kan stillast til kommunestyret, ordføraren eller ein medlem av kommunestyret. Ordføraren avgjer kven som skal svara på spørsmåla.

  9. Spørsmål som vert stilt til rådmannen eller gjeld tilhøve som ligg til administrasjonen skal det ikkje svarast på i møtet. Spørsmålet vert då sendt til rådmannen for vidare oppfølging og svar.

  10. Spørsmål som det ikkje kan gjevast svar på i møtet, skal det svarast på så snart som muleg og svar skal refererast i neste møte.

  11. Dersom det ikkje er spørsmål til spørjetimen eller avsett tid ikkje vert nytta fullt ut, vert ordinært møte sett og behandlinga av saker tek til straks.

  12. Spørsmål og svar skal førast inn i møteprotokollen til kommunestyret.

  13. Ved tvil om tolkinga av retningslinjene, avgjer ordføraren spørsmålet. Er ein medlem av kommunestyret usamd med avgjerda til ordføraren, kan medlemen etter spørjetimen setja fram krav om at spørsmålet vert teke opp til ny behandling på neste møte med spørjetime.

Gå direkte til elektronisk skjema her