Sogn Jord- og Hagebruksskule er historien om stort mot og evne og vilje til heile tida å ha blikket retta framover.

Jens Lunde la grunnlaget for 100 år sidan. Han ville møta framtida i landbruket med god teoretisk og praktisk kunnskap, slik at unge kvinner og menn kunne takla krav til god og lønsam drift og til nødvendig omstilling. 

I dag møter skulen med rektor Aksel Hugo i spissen framtida på det same grunnlaget, med solid og framtidsorientert kunnskap formidla til engasjerte og målretta ungdommar .

Skulen står i dag sterkare enn nokon gong før;  som landslinje i økologisk landbruk, ressurs- og kompetansesenter og del av eit heilt nytt fagskuletilbod.

Denne posisjonen er oppnådd fordi skulen står for verdiar og kunnskap som er med på å sikra god og berekraftig samfunnsutvikling,  og  som får fram økologiske produkt som forbrukarane har behov for og som dei ønskjer seg.

Lærar og tidlegare rektor Olav Arnar Bø har fortalt at han på turar ute i skogen vart fascinert av det rike plantelivet der det korkje vart nytta kunstgjødsel eller plantevernmiddel. Og så fekk han vita at kålfluga hadde utvikla resistens mot plantevernmiddelet gusathion. Tida var inn til å tenkja nytt, til å spela meir på lag med naturen.  Han fekk økologisk produksjon inn i fagplanen. Og den i utgangspunktet ”litt skeptiske” rektor Kåre Torvik vart etter kort tid den aller største forkjemparen for økologisk landbruk. Hans entusiasme var ekte, og utan hans iherdige innsats hadde ikkje skulen overlevd.

Aurland kommune har gjennom 100 år hatt som mål å vera ein god vertskommune for Sogn Jord- og Hagebruksskule.  Skulen har vore ein solid og omtykt institusjon i kommunen. Både tilsette og elevar har heile tida engasjert seg sterkt i aktivitetar og organisasjonar og vore ein naturleg del av bygdesamfunnet.

Skulen har og sett andre tydelege spor.  Over 20 prosent av det dyrka landbruksarealet i kommunen er i dag økologisk.  Det er etablert bedrifter, mellom anna ysteri, med basis i kunnskap frå jordbruksskulen. Og reiselivsbedrifter kjøper varer frå skulen til si verksemd.  At ei utdanning frå Sogn- jord og hagebruksskule gjev grunnlag for posisjonar i lokalsamfunnet går elles fram ved at 4 av medlemene i Aurland kommunestyre er utdanna agronomar frå denne skulen.

Som ordførar stod eg for nokre år sidan, med heile kommunestyret i ryggen, midt oppe i kampen for å sikra skulen si framtid med modernisering og oppgradering av bygningsmassen.  Eg vil framheva  det veldig gode samarbeidet med rektor Bjørg Fritsvold og dei entusiastiske elevane. Me hadde kun eit mål: Skulen skulle reddast fordi han trengst.  Og me lukkast.

Me må og retta stor takk også til Sogn og Fjordane fylkeskommune og Stortinget som sikra finansieringa av dei heilt nødvendige investeringane.

Aurland kommune ønskjer å overlevera ei gåve til Sogn Jord- og Hagebruksskule. Eit teppe designa og vove av kunstnaren og svigerdotter til Jens Lunde; Ingeborg Lunde. Teppet heiter  ”Vår”, er i grønt, og viser korleis sola og lyset aukar stegvis utover året.  Akkurat som Sogn Jord- og hagebruksskule er på trygg veg mot endå lysare tider.