Me har i dag fått meldt at 2 personar som har vore gjestar i Flåm denne veka, har testa positivt for korona-virus. Dei aktuelle stadene dei smitta har besøkt, har blitt varsla - og nødvendige tiltak er iverksett. 


Merk: Dei smitta personane har vore med to avgongar med Flåmsbana. Det er tog frå Flåm 19.juli kl 11.05 og retur same dag kl 12.13.
 

Reisande med desse avgongane blir bedne om å vere ekstra observante på luftvegssymtom, og vere rask med å be om koronatest om symptom oppstår. Ingen blir definert som nærkontakt. 

 

Smittevernlege Frøydis Gullbrå​