English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Skuleskyss til Sogndal skuleåret 2011-2012

Skuleskyss til Sogndal:17. august 2011 tok ruta til på tredje sesong. Foto: Aurland kommune, Margunn Tolleshaug
Tredje sesong: Skuleskyssen til Sogndal starta oppatt 17. august 2011. Foto: Aurland kommune, Margunn Tolleshaug

Skuleskyssen starta opp onsdag 17. august 2011 og er i trafikk skuledagar.

Rutetider skuleåret 2011 /2012

Gjeldande takstar skuleåret 2011/2012 ,sist justert 1. februar 2012

Det er mogeleg å pendle dagleg til Sogndal. Skuleskyssen frå Flåm, Aurland og Undredal til Sogndal går først med båt, og deretter vidare med buss frå kaien i Sogndal til Sogndal vidaregåande skule.

Rutinar for påmelding, og kjøp av enkeltbillett, klyppekort og månadskort
Elevar ved vidaregåande skule som ønskjer å nytta skuleskyssen til dagleg pendling, må melda ifrå om det til kommunen. Dei reiser gratis med skysskort.

I tillegg til daglege pendlarar er tilbodet ope for enkeltreisande. Enkeltbillett og klyppekort kan reisande kjøpe på båten. For kjøp av månadskort, ta kontakt med kommunen.

Skulebåten er i trafikk skuledagar
Skulebåten er i trafikk skuledagar, måndag til fredag. Tilbodet om skuleskyss med båt fylgjer skuleruta ved Sogndal vidaregåande skule og er ikkje i trafikk når det er skulefri.

Skuleruta ved Sogndal vidaregåande skule 

Spørsmål?
Resepsjonen på rådhuset er kontaktpunkt i høve skuleskyssen.
Har du spørsmål som gjeld skuleskyssen kan du ta kontakt med resepsjonen på:

Telefon: 57 63 29 00
E-post: resepsjonen@aurland.kommune.no
SMS: 959 84 649

Meldingar til daglege pendlarar som vedkjem skuleskyssen vert og sendt frå resepsjonen.

Kontaktinformasjon BNR
Vakttelefon:907 90 818 og 907 90 819
Skulebåten: 954 48 339

 

Kontaktinformasjon Aurland kommune
Mellom kl. 15.30 og kl. 08.00: Teknisk vakt tlf. 57 63 29 05
Mellom 08.00- 15.30: Resepsjonen 57 63 29 00

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Web levert av CustomPublish AS