Dette skjer samtidig som kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med fornying av læreplanane, og regjeringa har lagt fram det dei kallar ”en ny digital strategi for grunnskolen og videregående opplæring.” Skulane i Aurland har laga plan for arbeidet dei komande to åra, og skal vera godt førebudde til å møta ny læreplan der IKT får ein større plass. 

Erik Westrum frå ”Senter for IKT i utdanninga”, som har sjølvaste kunnskapsministaren som arbeidsgjevar, leia ein svært lærerik og inspirerande dag for engasjerte lærarar. Westrum har også vore prosjektleiar for iktplan.no som vert brukt i arbeidet med digital kompetanse i skular over heile landet. 

No er arbeidet med første punkt å læra om  ”søk og kjeldekritikk” på nettet i full gang på klassane sine arbeidsplanar og i alle klasserom. Eit svært passande tema i tider der mange vil fortelje oss kva vi bør meine og tru på fram mot komande stortingsval. Statsministar Erna Solberg har uttalt at satsinga på IKT peikar ut ”et nytt tiår for norsk skole” – lærarane i skulane i Aurland heng heilt klart med på satsinga inn i komande tiår og vidare framover!