- Eg er glad for denne positive meldinga, seier ordførar Noralv Distad. Det betyr at me får tid nok til å avslutta alle tiltaka og utarbeida fullstendige rapportar om det arbeidet som blir gjort. I fyrste omgang fekk me ikkje midlar til heving og reparasjon av Flåm kyrkje, men det vart opplyst at Aurland kommune kunne søkja på nytt. Det er no gjort, og det er gledeleg at svaret er positivt, seier ordføraren.

Les brevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet her