I dette arbeidet kjem arbeidsgruppa, som består av Anja Marken, Unni Grønsberg, Hallgeir Høydal, Kurt Karlsen og Ingunn Bårtvedt Skjerdal, til å gå igjennom kart over Aurland kommune og kategorisere friluftslivsområda innan ulike områdetypar. Til dømes vil ein leikeplass bli kategorisert som «leike- og rekreasjonsområde», eit høgfjellsområde kan bli kategorisert som «store turområder utan tilrettelegging» og ein gangveg kan bli kategorisert som ein «grønkorridor». Etter at alle friluftslivsområda er delt inn i områdetypar, vil dei få ein verdi frå «registrert friluftslivsområde» til «svært viktig friluftslivsområde». Denne verdsettinga vil vere nyttig i det vidare planarbeidet i Aurland kommune, til dømes for å hindre at eit «svært viktig friluftslivsområde» blir bygd ned.

Alle områder som blir brukt til friluftsliv kjem til å bli kartlagt, så lenge det ikkje er i strid med Friluftslova. Når prosjektet er ferdig kjem kommunen til å sitte igjen med eit kartgrunnlag i tillegg til områdeskildringar som mellom anna forklarer bruken av friluftslivsområda og kva som trengs av vidare tilrettelegging. Resultata blir publisert i Naturbasen. Dette er ei tematisk kartlegging, det vil seie at resultata ikkje er juridisk bindande. Målet er å få fram bruken av friluftslivsområda slik at desse kan bli tatt vare på også i framtida.

Arbeidsgruppa kjem til å ta kontakt med nøkkelpersonar som kan bidra med lokalkjennskap til friluftslivsområda i kommunen, men alle innbyggarar er velkomne til å komme med innspel til arbeidet.

Sjå også: Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Aurland kommune