Det er den nye arealplanleggjaren i Aurland kommune som har ansvar for gjennomføringa av spørjeundersøkinga, som blir sendt ut i posten til desse to aldersgruppene. Anja Marken byrja som trainee innan arealplanlegging i mai og skal arbeide i kommunen fram til august til neste år. Anja kjem frå Samnanger, ein liten nabokommune til Bergen, men har røter frå både Vangsnes og Frønningen.

«Eg er halvt sogning og halvt nordlending», fortel Anja, som har studert i Bø og Oslo før ho flytte til Aurland. Der tok ho ein bachelorgrad i Forurening og Miljø og ein master i Culture, Environment and Sustainability. «Eg trivs svært godt i Aurland og var heldig som fekk med meg den fine sumaren her», seier Anja, som er glad i å gå på fjellturar og har allereie blitt kjent med store deler av kommunen gjennom turlaget sine turar.

Gjennom bustadkartlegginga ønskjer kommunen å få informasjon om kor innbyggjarane i kommunen helst vil bu, kva type bustad dei er på jakt etter og kva som er den største utfordringa for dei når det gjeld framtidig bustadbehov. Kartlegginga skjer i samband med utarbeidinga av bustadpolitisk handlingsplan, som skal vere ferdig våren 2019. Denne planen er ein av fleire planar Anja arbeidar med. Ho er også ansvarleg for friluftslivskartlegginga, i tillegg til oppfølginga av reguleringsplanen til den nye barnehagen og områdeplanen for Undredal. Den bustadpolitiske handlingsplanen skal bli eit strategisk verktøy som peikar ut mål og prioriterte tiltak for den framtidige bustadutviklinga i kommunen.

«Ifølge den nasjonale bustadpolitikken skal kvar enkelt sitt bustadbehov bli møtt og politikken har lenge vore innretta slik at flest mogleg skal få høve til å eige bustad», fortel Anja. I Aurland kommune er det fleire utfordringar som gjer det vanskeleg for spesielt tilflyttarar og unge i etableringsfasen å kome seg inn på bustadmarknaden. Desse utfordringane vil bli diskutert i handlingsplanen, som vidare skal tydeleggjere kva rolle Aurland kommune skal ha i den lokale bustadutviklinga, korleis kommunen skal samarbeide med andre aktørar og kva kommunen kan nytte av bustadpolitiske verkemiddel.

«I planen skal det utviklast mål og tiltak for å møte desse utfordringane, men for at kommunen skal klare dette er me heilt avhengig av eit godt grunnlagsmateriale. Me håper derfor at flest mogleg tar seg tid til å svare på spørjeundersøkinga innan 22.oktober», avsluttar Anja.