Sivlesamlinga har blitt flytta ned i fyrste etasje rett ved inngangen, og er meir tilgjengeleg no enn før, då den var plassert i 2 etasje. I tillegg til å romma halve samlinga etter Per Sivle som den gong var ei gåve som vart delt mellom Aurland og Voss kommune, inneheld samlinga også ei utstilling av driftehandelen. - Det er flott å få vist fram driftehandelsoga i same rommet som Sivlesamlinga, seier Olav J Ellingsen, leiar i Aurland Sogelag.

Sogelaget har gjort ein fantastisk jobb. Dei har funne passande tapet og golv,dei har måla golvet, pynta med gardiner, kjøpt inn nye utstillingsskåp, samt fått til ei flott utstilling av gjenstandar etter Sivle. Dei har stått på frå morgon til kveld for å få i hamn denne utstillinga. Det har vore eit yrande liv av mange Sogelags-arbeidarar med ulike oppgåver. Kjekt å sjå eit slikt engasjement og stå på vilje, med det målet for augo at: «No vert det fint her på Sivleutstillinga» vår.

Ellingsen primus motor, trekkjer fram det viktige og spennande med det historiske arbeidet. No har Sivlesamlinga blitt supplert med ei heilt ny samling. Den er kopla til driftehandelen i Aurland. Den var omfattande og betydde mykje for kommunen.

-Ein av mange driftekarar, Øystein frå Ryum, kjøpte seg ein stor gard på Austlandet, like ved Drammen. For ei tid sidan tok den noverande eigaren av garden, Målfrid Stende Almquist, kontakt med oss og lurte på om me ville ha tilbake gjenstandar etter Ryum. Det tykte me var veldig moro, seier Ellingsen, Han legg til at Øystein frå Ryum var syskenbarn til Per Sivle.

Det er fint å få presentera denne utstillinga i same rommet som Sivlesamlinga. Saman med Svein Indrelid har Ellingsen prøvd å få dokumentert omfanget av driftehandelen i kommunen.

– Me har ikkje ein heilt tydeleg statistikk, men heilt fram til 1910 var det svært mange. I 1855 var det over 100 lokale driftekarar som reiste vidt. Til Austlandet, Bergen, Sunnfjord og Nordfjord. I 1881 viser tal at talet på fe- og hestehandlarar i Aurland var 53. Driftehandelen har vore svært viktig for Aurland, seier Ellingsen. Og legg til: – Eirik Sivle, far til Per, var også driftekar.   

Me ynskjer alle saman hjarteleg velkomne innom for å sjå Sivleutstillinga.

Helsing

Kulturavdelinga i Aurland kommune og Aurland Sogelag