Ordføraren sin tale i Flåm:

Skadeflaumen i Flåmselvi 28. oktober 2014 var ei sterk og skremmande oppleving.

Hjå  alle som vart direkte råka eller deltok i i redningsarbeidet har hendinga sett varige spor, og vil aldri bli gløymd.

Det sterkaste inntrykket er likevel positivt og gripande, med den enorme innsatsen som var lagt ned av redningsmannskapa, innbyggjarane som vart råka og bygdefolket elles.

Katastrofen vart aldri møtt med resignasjon, pessimisme og handlingslamming. Tvert imot, alle ville byggja Flåm opp att til å bli endå sterkare enn før.

Krisetiltaka med sikring, opprydding og reetablering av vegar og anna infrastruktur starta alt 29. oktober, dagen etter flaumen.

Eg er glad og djupt takksam for alt arbeid som er utført – av NVE, vår eigen kommune, handlekraftige entreprenørar og dyktige arbeidsfolk.

Det er flott å sjå alt som er gjort, og særleg sterkt å sjå at fleire av dei som mista husa sine har bygd opp att.

Flåm skule er me alle glad i. Det var ein stor dagen då skulen opna att eit knapt år etter flaumen. No ser me fram til at permanent bru kjem på plass.

Statlege styresmakter har heile vegen støtta opp både med nødvendige midlar, og med direkte arbeidsinnats.

NVE kom på bana frå fyrste stund. Ei veke etter flaumen overtok NVE ansvaret for anlegget og sikringsarbeidet. Aurland kommune har utført omfattande oppattbygging av infrastruktur parallelt med NVE sitt arbeid.

Det har vore eit nært og svært godt samarbeid mellom NVE, politiet og Aurland kommune.

NVE har både planlagt sikringstiltak og delteke som utøvande entreprenør. 

I dag er den  sterkast skada delen av vassdraget sikra gjennom omfattande erosjon- og flaumsikring. Det er me veldig glade for og me  rettar stor takk for vel utført arbeid. Det inspirerer oss  til å jobba vidare for å betra sikringa også av andre delar av Flåmsvassdraget.

I dag gler me oss over det arbeidet som er utført. Flåm er sterkare og tryggare enn før. Me møter framtida med optimisme og pågangsmot.