Vi har no hatt ute to utlysingar på utbygging av breiband. I begge prosjekta fekk me inn eit tilbod.
 
For Dalen er utbyggingsområdet frå Sogn Jord- og hagebruksskule opp til og med Tero og nedste del av Låvi.
For Flåm er utbyggingsområdet frå Haugen Gardsmat opp til og med Ølpa og med Håreina, Ryum og Indrelid.
Oppstart vert til hausten.

Vi jobbar jamt med å betre breibandsdekninga i kommunen og med dette er det løyst ut to områder til. 
No er det å jobbe vidare med dei områda kor det enno ikkje er tilbod om skikkeleg breiband.