INFO FRÅ SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE: Sogn og Fjordane søkjer i år om 218 millionar kroner i spelemidlar, 1981 kroner per innbyggjar. Det er meir enn nokon gong, og berre Nord-Trøndelag søkjer om meir per innbyggjar.

Lag, organisasjonar og kommunar i Sogn og Fjordane er flinke å nytte spelemiddelordninga både for å byggje og rehabilitere anlegg for idrett og fysisk aktivitet. - Aurland kommmune har søkt om spelemidlar til symjebassenget og Brekkestien. Vassbygdi ungdomslag har søkt om spelemidlar til første fase i Leikvollen- prosjektet.

Stor vilje
Det vert særleg tydeleg når vi ser på søknadssum per innbyggjar. Sogn og Fjordane er på andreplass på landsbasis. Nord-Trøndelag søkjer i år om 14 kroner meir, og på tredjeplass kjem Møre og Romsdal, som søkjer om 1491 kroner per innbyggjar.

Det er ikkje noko automatikk i at den som søkjer om mest, får mest, men tala syner at det er stor vilje i Sogn og Fjordane til å byggje nye anlegg, og å halde ved like dei vi har. Særleg det siste er viktig.

– Vi har mange anlegg i Sogn og Fjordane, og då er det viktig å ta godt vare på dei. Difor er det svært gledeleg å sjå at mange av søknadane i år går på nettopp rehabilitering av anlegg, fortel rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.

Sterk tradisjon
– Vi har svært sterk tradisjon her i Sogn og Fjordane for å bruke spelemidlar som finansieringskjelde. Mange anlegg for idrett, friluftsliv og generell fysisk aktivitet er bygde ved hjelp av desse midlane. Dei siste åra har klatreparkane som har dukka opp over heile fylket, vore særleg synlege resultat av spelemidlane, seier Skrede.

Spelemidlane er viktige for å oppfylle visjonen i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle.

Satsing gir resultat
145 av årets søknadar frå Sogn og Fjordane gjeld såkalla nærmiljøanlegg. Det er anlegg som legg til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet, og skal i hovudsak liggje der folk bur og oppheld seg. Det kan vere blant anna ballbingar, klatreparkar, sandvolleybaner og akebakkar. Sogn og Fjordane er i år det fylket med flest søknadar om slike anlegg, og mange av søknadane er knytte til skuleområde og aktivitetsparkar.

– Det syner at satsing gir resultat. Vi besøker systematisk skular for å styrke uteområda der. Fylkeskommunen jobbar med saman med kommunane for å sjå på om korleis spelemidlane kan vere med å utvikle uteområda ved skulane, leggje til rette for meir aktivitet ved skulane og auke trivselen der, fortel Skrede.

Han trekkjer fram skular i Naustdal, Eikefjord, Vågsøy og på Hafslo som døme på plassar det der er store planar for uteområda, og der det er søkt om spelemidlar i år.

Nesten dobling på fire år
Det var kome inn 339 søknadar om spelemidlar i Sogn og Fjordane då fristen gjekk ut 15. januar i år. I fjor kom det inn 308 søkjarar, og i 2013 var talet 178.

Den samla søknadssummen i år er førebels på 218 604 762 kroner. Fylkeskommunen går i desse dagar gjennom søknadane, og sjekkar at dei er godkjende etter krava til Kulturdepartementet og har fått med den summen dei faktisk har rett på.

Tildeling i mai
Kor mykje fylket faktisk får i spelemidlar i år, vert klart før 1. mai.

Deretter er det opp til hovudutvalet for næring og kultur å avgjere kven som får tilskot i år og kor mykje. Møtet er i hovudutvalet er 30. mai.

Så mykje har fylka søkt om i spelemidlar i år

Fylke

Samla søknadssum

Kr. per innbyggjar

Akershus

506 009 623

833

Aust-Agder

129 484 057

1110

Buskerud

304 089 912

1089

Finnmark

81 023 343

1065

Hedmark

221 812 570

1132

Hordaland

448 857 623

863

Møre og Romsdal

396 802 878

1491

Nordland

269 771 200

1112

Nord-Trøndelag

273 466 495

1995

Oppland

208 204 149

1100

Oslo

144 592 472

217

Sogn og Fjordane

218 604 762

1981

Rogaland

613 598 978

1299

Sør-Trøndelag

336 399 225

1063

Telemark

128 757 890

744

Troms

236 517 916

1431

Vest-Agder

236 091 118

956

Vestfold

201 199 087

815

Østfold

138 833 751

475

 
Kjelde folketal: SSB pr. 30.09.2016.
Kjelde søknadssum: Idrettsanlegg.no pr. 15.01.2017.

For meir informasjon
Atle Skrede
rådgjevar for idrett og fysisk aktivitet
415 30 716
atle.skrede@sfj.no