Tenesteeiningane kjem samla ut om lag identisk med budsjett.

Etter at budsjetterte avsetjingar er gjort står Aurland kommune igjen med eit mindreforbruk på 1,8 mill som kommunestyret skal disponere i samband med godkjenning av rekneskapen.

Investeringsrekneskapen er gjort opp med samla 42,4 millionar i investeringar (justert budsjett var 38,4 mill). Ca 30 millionar av investeringane gjeld oppbygging etter flaumen og er finansiert med bruk av skjønsmidlar. Dei andre investeringane er finansiert ved momskompensasjon, tilbakebetaling av lån frå fylket, bruk av konsesjonsavgiftsfondet og tilskot.

Rekneskapen er ferdig revidert.

Reidar Johnsen
økonomisjef