Med heimel i Plan- og bygningslova §12-12 har Aurland kommunestyre i møte 02.02.2012, sak 010/12, vedteke detaljregulering for Vetlehajen.
Føremålet med planarbeidet har vore å få laga ein reguleringsplan(detaljregulering) som omhandlar område for masseuttak på Tero.
Ein kan påklaga Aurland kommunestyre sitt vedtak til Fylkesmannen etter Plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9, jfr Forvaltningslova kap VI.
Klaga må fremjast skrifteleg og sendast til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland, innan tre-3-veker frå denne kunngjeringa. Klaga må vera grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld.
Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova §§15-2 og 15-3, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa. Krav om erstatning eller innløysing i høve til Reguleringsplan for Vetlehajen, skal rettast til: Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland.