Arbeidet med Regional plan for Nordfjella er i gang. Fylkeskommunane i Buskerud, i Hordaland og i Sogn og Fjordane har hovudansvaret for arbeidet. Men det skal utførast i tett samarbeid med kommunane, fylkesmennene og villreinnemnda i området.
Hovudformålet med planen er å bestemma ein langsiktig og heilskapleg strategi for bruk av areal som er viktige leveområde for villreinen, eller påverkar leveområdet til villreinen. Gjennom prosessen skal det takast omsyn til ulike brukarinteresse. Villreinen skal sikrast gode leveområde og langsiktig gode livsvilkår. Det skal leggast til rette for friluftsliv og for næringsutvikling basert på naturressursar og bygdeutvikling i lokalsamfunna rundt Nordfjella.
Planprogrammet er no vedteke i dei tre fylkesutvala. Dette gjev rammer for det vidare planarbeidet.
For å få oversikt over arealbruksinteresser innanfor planområdet, vert det lokale prosessar i kvar kommune. Fylgjande kommunale informasjonsmøter er bestemt:
· Ål: 5. januar kl. 18.00 på Tingstugu
· Aurland og Lærdal: 12. januar kl. 18.30 i Lærdal kulturhus
Informasjon om andre møte kjem seinare.
Kontaktpersonar i kommunane:
· Ål kommune Reidun Aaker
· Hol kommune Knut Baklid
· Hemsedal kommune Lina Sannes Eskerud
· Ulvik kommune Lars Præstin
· Voss kommune Gunnar Bergo
· Aurland kommune Jan Olav Møller
· Lærdal kommune: Monika Lysne